LOVSTRIDIG: I ein rapport frå Deloitte blir det no konkludert med at fylkesrådmann Tore Eriksen handla i strid med lova om offentlege innkjøp då han inngjekk kontrakt med dei to selskapa. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarne
LOVSTRIDIG: I ein rapport frå Deloitte blir det no konkludert med at fylkesrådmann Tore Eriksen handla i strid med lova om offentlege innkjøp då han inngjekk kontrakt med dei to selskapa. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarne (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Fylkesrådmannen braut anbodslova i Fjord1-saka

Ein fersk granskingsrapport viser at fylkesrådmann Tore Eriksen i Sogn og Fjordane braut anbodslova då han plukka ut rådgivarar i Fjord1-saka. Reaksjonane frå politikarane er delte.

  • Endret

Ifølgje  Bergens Tidende fekk konsulentane som hjelpte Sogn og Fjordane fylkeskommune med å selje Fjord1, 20,6 millionar kroner for jobben etter sjølve å ha gitt råd om ikkje å legge den ut på tilbod. Det var fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen, som vurderte at ein skulle hyre inn konsulentane frå Wiersholm og DHT Corporate utan å sette avtalen ut på tilbod.

Les også: Fjord1-rådgivarar fekk millionkontrakt utan konkurranse

Les også: Fylkeskommunen sel Fjord1 til Havila

I ein rapport frå Deloitte blir det no konkludert med at fylkesrådmann Tore Eriksen handla i strid med lova om offentlege innkjøp då han inngjekk kontrakt med dei to selskapa.

Fylkesrådmannen meiner denne jobben var ei forlenging av eit tidlegare engasjement, og KrF og Sp støttar Eriksen og skuldar på at det har vore «ei vanskeleg sak». Venstre seier derimot at det er svært alvorleg om regelverket er brote.

– Eg synest det er veldig merkeleg at KrF og Sp er så ukritiske til alt som har kome fram om konsulentane. Dei har så til dei grader gifta seg med dei, men dei kjenner kanskje behov for å reinvaske seg sjølve i denne saka, seier fylkestingspolitikar for Venstre Alfred Bjørlo. (©NPK)

Til toppen