NEI: Fylkesrådmannen i Hordaland meiner det ikkje er behov for stamveg over riksveg 7 - eller riksveg 52. Foto: Flickr/larsjuh.
NEI: Fylkesrådmannen i Hordaland meiner det ikkje er behov for stamveg over riksveg 7 - eller riksveg 52. Foto: Flickr/larsjuh. (Foto: Flickr/larsjuh)

Fylkesrådmannen i Hordaland går mot riksveg 7

..men han vil heller ikkje ha rv. 52.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal i Hordaland viser til at det einaste samfunnsøkonomisk lønsame aust/vest-konseptet mellom Oslo og Bergen ifølge utgreiinga er E134 over Haukelifjell med ein ny «diagonal arm» til Bergen. Dette melder NRK.

Med ei slik utbygging «er det ikkje grunnlag for å byggja ut Rv7 som nasjonalt hovudvegsamband aust/vest», skriv fylkesrådmann Haugsdal. 

Les også: Dette betyr vegvalet for deg

Les også: – Vegvalet kan framskunda tunnelen her

Les også: Sogndalsordføraren: – Brua må koma ei gong

Han meiner at det heller ikkje er behov for å byggja ut riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, fordi dagens «E16 og Rv52 til saman stettar transportbehova i framtida mellom Sogn og Fjordane og Austlandet.»

Skal avgjerast i vinter

Tidlegare i haust tilrådde Statens Vegvesen for andre gong at Hemsedalsfjellet blir vald framfor Hardangervidda. Dette vekte harme hjå mange aktørar i Hordaland.

Les også: Vegvesenet anbefalar Hemsedalsfjellet

Les også: – Kan vanskeleg sjå at politikarane går mot dette

No seier altså deira eigen fylkesrådmann at det ikkje er behov for stamveg over rv. 7 - og altså heller ikkje rv. 52

Forslaget frå fylkesrådmannen skal behandlast av utval for miljø og samferdsle 3. november og av fylkesutvalet 16. november.

Deretter skal Hordaland fylkeskommune senda si høyringsuttale om kva som, i tillegg til E134 over Haukelifjell, bør bli den andre stamvegen mellom aust og vest.

Stortinget skal gjera eit endeleg val mellom dei to alternativa i vinter, i samband med handsaminga av Nasjonal Transportplan 2018-2029

Til toppen