Leikanger: Fylkesrådmann Tore Eriksen meiner politikarane gjer lurt i å overføra inntil 80 prosent av aksjane dei eig i kraftselskapet SFE til kommunane i Sogn og Fjordane.
Til overføringa knyter Eriksen fleire vilkår, som at dommen frå tingretten må bli rettskraftig, og at kommunane får konsesjon til å eiga.
Fylkesrådmannen legg opp til at fylkestinget tek stilling til den endelege overføringa når vilkåra er oppfylte. Då skal politikarane òg talfeste kor mange av fylkeskommunen sine aksjar i som skal overførast, og korleis dei skal fordelast mellom kommunane.
Det var i november at Sogn og Fjordane tingrett opna for at kraftverdiar for milliardar blir verande i fylket etter samanslåinga med Hordaland. BKK meiner dei har rett til å kjøpa aksjeposten til fylkeskommunen, og har anka avgjerda til Gulating lagmannsrett.
Fylkestinget skal ta stilling til saka i møtet på Leikanger 4. desember.