RÅR TIL JA: Neste veke skal fylkestinget i Sogn og Fjordane bestemma seg for om dei ønskjer vestlandsregionen eller ikkje. Fylkesrådmannen tilrår dei å slå seg saman.​ Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
RÅR TIL JA: Neste veke skal fylkestinget i Sogn og Fjordane bestemma seg for om dei ønskjer vestlandsregionen eller ikkje. Fylkesrådmannen tilrår dei å slå seg saman.​ Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Oskar Andersen)

Fylkesrådmannen tilrår samanslåing

Neste veke skal fylkestinget i Sogn og Fjordane bestemma seg for om dei ønskjer vestlandsregionen eller ikkje. Fylkesrådmannen tilrår dei å slå seg saman.

Sogn og Fjordane: Fylkesrådmann Tore Eriksen rår politikarane til å gå vidare med vestlandsregionen. Om Rogaland ikkje ønskjer regionen, vil rådmannen at Sogn og Fjordane heller slår seg saman med berre Hordaland, og eventuelt Møre og Romsdal, om dei ønskjer det.

– Det er ein føresetnad at fordelinga av oppgåver og tenester vert som i intensjonsavtalen, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

I avtalen får Sogn og Fjordane mellom anna hovudkontoret for fylkesmannsembetet og administrasjonen for veg- og kulturavdelingane. Ho reknar òg med det vil koma nye oppgåver til regionane, og med det fleire arbeidsplassar.

Vil ha nynorsk

Høyringsrunden i Sogn og Fjordane har gjeve mange innspel, og rådmann Eriksen rår politikarane til å følgja fleirtalet av høyringsfråsegnene, som meiner at nynorsk bør vera administrasjonsspråk i regionen.

Til saman har fylkeskommunen fått inn 260 høyringsfråsegner frå kommunar, organisasjonar, privatpersonar og andre. 14 av dei 21 kommunane som har sendt inn høyringssvar, er positive til vestlandsregionen.

154 fråsegner ønskjer nynorsk som administrasjonsspråk i regionen, blant dei 99 frå enkeltpersonar og 15 frå kommunar.

– Eg er heilt trygg på at handsaminga i dei politiske gruppene i Sogn og Fjordane kjem til å gjera eit godt vedtak for nynorsk, seier Følling.

Fleire oppgåver

Eriksen skriv i saksframlegget at staten bør fråvika generalistprinsippet for oppgåvedelinga mellom staten og regionane, fordi regionane vil vera av veldig ulik storleik.

På denne måten kan vestlandsregionen, som kanskje den største i landet, få andre og fleire oppgåver enn mindre regionar.

Fylkesutvalet gjev si innstilling til fylkestinget i møte 5. desember. Dei to neste dagane sit fylkestinget samla og gjer sitt vedtak om vestlandsregionen onsdag 7. desember.

På det tidspunktet vil innstillinga frå fylkesutvalet i Rogaland vera klart. Fylkesutvalet i Hordaland har møte 8. desember. (©NPK)

Til toppen