KLAR TALE: Fylkesrådmannen er krystallklår på at vasskraftressursane i Fortun-Grandfastevassdraget i Luster bør knyttast til industrien i Årdal som før.
KLAR TALE: Fylkesrådmannen er krystallklår på at vasskraftressursane i Fortun-Grandfastevassdraget i Luster bør knyttast til industrien i Årdal som før. (Foto: Oskar Andersen)

Fylkesrådmannen vil leggja press på NVE for å få dei til å leggja band på Hydro

På tysdag er det fylkesstyremøte, og fylkesrådmannen trur NVE vil lytta til kva fylkesstyret har å seia. 

Årdal: Då Hydro fekk særretten på naturressursane i Fortun-vassdraget i 1976, var det på vilkår av at dei måtte nytta krafta i industrien lokalt. Også då dei kjøpte seg fri frå heimfall i 1996 (staten sin rett på å få tilbake kraftressursen) var det på vilkår av at energien skulle halda fram med å tilkoma industrien i Årdal. 

– Me meiner at dette heile tida har lege som ein føresetnad for at at dei skal få fornya konsesjonen denne gongen òg, seier fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen til Porten.no.

Norsk Hydro er i ein prosess der dei søkjer om å få fornya driftstilgang til kraftressursane i Fortun-Grandfastereguleringane i Luster, Årdal, Lom og Sjåk kommunar. Det er meininga at dei skal få tildelt ein ny langtidskontrakt i år. Den førre kontrakten dei hadde galdt i 40 år på rad, og gjekk ut i fjor.

Norges Vasskrafts- og energidirektorat (NVE) dikterer vilkåra, og dei har sagt at dei ikkje ynskjer å leggja band på Hydro denne gongen, slik dei gjorde for førti år sidan. Hilmar Høl i Arbeidarpartiet trur Hydro har lagt press på NVE for å fri seg frå pålegget om å nytta all krafta frå vassdraget i den lokale industrien, i Årdal.  

Årdal har nytt godt av ordninga som har gjeldt til no. Eineretten på krafta i Fortun-vassdraget har vore ein stor føremon for industrien i bygda, og dermed vore eit konkurransefortrinn. 

– Om dette vilkåret ikkje skal liggja til grunn i den nye konsesjonen, so er det ein sjanse for at denne lokale kraftressursen i framtida i staden kan verta disponert utanfor fylket, held Eriksen fram. 

Håpar og trur NVE og nasjonale styresmakter legg vekt på kva fylkeskommunen vil seia om saka

Fylkesrådmannen fortel at Hydro argumenterer med at tida har sprunge frå den gamle avtalen med at krafta skal nyttast lokalt. Sjølv ser han ikkje kvifor avtalen skulle vera mindre tidsaktuell no enn før. 

– Den lokale kraftressursen er stilt til disposisjon for Hydro, og om dei ikkje ein gong aktar å nytta energien lokalt, so gjev me frå oss meir til dei enn det som er rimeleg. 

Eriksen slår fast at den lokale industrien trengte denne energien både på 1950-talet og 1970-talet, då dei tidlegare konsesjonane vart framforhandla, og at dette ikkje har endra seg i dag. 

23. januar skal fylkesutvalet ha møte, og då skal dei vedtaka rådmannen si tilråding, eventuelt avvisa ho eller vedtaka ho med endringar. 

– Kor tungt veg det kva fylkesutvalet seier i denne saka? 

– Me håpar og trur at det betyr mykje kva dei regionale styresmaktene meiner i ei viktig sak som denne. Difor legg me ned mykje arbeid i slike fråsegner som handlar om fornya vasskraft- og vindkraftkonsesjonar, og vilkåra knytt til desse.  

Kravet om at energien må tilfalla lokal industri ein grunnleggjande del av fråsegna

I den ti sider lange fråsegna frå rådmannen som skal vurderast på fylkesstyremøtet, er det mange aspekt ved konsesjonen som vert drøfta. 

«I det vidare arbeidet med søknaden må det leggjast stor vekt på å greie ut konkrete tiltak som kan betre situasjonen for landskap, friluftsliv, naturmangfald, vassmiljø og villrein, - slik at avvegingane mellom miljøomsyn og energitap vert gjort på ei godt kunnskapsnivå», heiter det mellom anna i det ti sider lange skrivet. 

Det er mykje Eriksen trekk fram som han meiner bør leggjast stor vekt på. Men at krafta også frametter skal nyttast i Årdal, er ikkje noko han meiner det berre «bør leggjast vekk på», det er heilt sjølvsagt: 

«Fylkeskommunen legg elles til grunn at NVE tek med i vilkåra at krafta frå Fortun - Grandfasta skal nyttast til industriell verksemd i Årdal, og at det vert sett vilkår til leveringsplikt dit»  er dei siste orda i introduksjonen. 

Og konklusjonen på side ti avsluttar med dei same orda. Vert rådmannen sitt skriv vedteke, vil fylkeskommunen sitt syn på saka vera svært tydeleg. So vert det opp til NVE å vurdera kor mykje vekt dei skal leggja på dét.

Til toppen