PÅ HØYRING: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har tilrådd å leggje intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland ut på høyring. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
PÅ HØYRING: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har tilrådd å leggje intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland ut på høyring. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkessamanslåing ut på høyring

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har tilrådd å leggje intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland ut på høyring. Høyringsperioden vil vere frå 26. oktober til 23. november.

Sogn og Fjordane: Etter at forhandlingsutvala i dei tre fylka vart einige om ein intensjonsplan for samanslåing, er planen no til politisk handsaming. Først ut var fylkesutvalet i Sogn og Fjordane, som 28. september sende ei tilråding om høyring vidare til fylkestinget 18. oktober.

Fylkesutvalet presiserer dessutan at Sogn og Fjordane fylkeskommune må leggje til grunn at fylkestinga i Rogaland og Hordaland også legg intensjonsplanen ut på høyring i sine fylke. Dersom ikkje alle tre fylkestinga gjer vedtak om høyring får fylkesutvalet fullmakt til å vurdere om Sogn og Fjordane fylkeskommune skal starte ein dialog med fylkeskommunar som ønskjer å vurdere moglege nye regionløysingar.

Fylkestinget legg til grunn at nynorsk vert administrasjonsspråk som ei naturleg følgje av omtalen av nynorsk som viktig identitetsbyggjar i intensjonsplanen.

Om planen vert lagt ut på høyring, vil fylkestinget i desember vurdere søknad til Stortinget om å slå saman Sogn og Fjordane fylkeskommune med andre fylkeskommunar. (©NPK)

Til toppen