FÅR MILILIONLØYVING: Fylkestinget vedtok å løyve 140 millionar kroner til det nye vitensenteret på Kaupanger.
FÅR MILILIONLØYVING: Fylkestinget vedtok å løyve 140 millionar kroner til det nye vitensenteret på Kaupanger. (Bilde: Kaupus AS)

Fylkestinget løyver 140 millionar til utbygging av Sogndal VGS avdeling Kaupanger

Samstundes er Vitensenteret på Kaupanger eit steg nærare realisering.

Leikanger: Det vart vedteke under fylkestinget onsdag.

Då saka kom opp for røysting, som nest siste sak på agendaen, vart det utløyst stor dedbatt. Ved vidaregåande avdeling Kaupanger, skal det blant anna satsast på anlegg, transport og landslinje for yrkessjåførar. 

Representantar frå Arbeiderpartiet og Senterpartiet, Henrik Oppen og Sigurd Reksnes, støtta prosjektet, og meinte utviklinga var viktig for den lokale yrkesutviklinga. 

– Anlegg, transport og landslinje for yrkessjåførar er yrkesfaglinjer som oppmodar til rekruttering til fag som ropar høgt etter arbeidskraft. Det er òg linjer der kandidatane får lærlingplass. Dette er viktig utbygging for fag- og yrkesopplæringa i fylket i sin heilhet. Utvikling av vitensenteret er eit spennande prosjekt, sa Oppen (Ap).

Føreslo utsetjing

Frank Willy Djuvik (Frp) la derimot eit framlegg om utsetjing av prosjektløyvinga. Han meinte det var uansvarleg av fylkestinget å låsa midlar så langt fram i tid, seks månader før nytt fylkesting for Vestland vart stifta. 

– Ingen kan så tvil om viktigheita av desse prosjekta, som vil styrke fagopplæring og yrkesutviklinga... Eg må ærleg innrømma at eg ikkje har oversikt over den samla økonomien i Vestland fylkeskommune. Dei avgjerdene me gjer i dag binder prioriteringane for politikarane som kjem til om seks månader. Dei to neste sakene snakkar med om ein milliard kroner som no skal brukast på det nest siste fylkestinget før nytt val. Det uroar meg at me gjer det, sa han.  

Då framlegget gjekk mot røysting, fall det med to røyster. Tilrådinga frå fylkesutvalet, som var over tre punkt, vann fram mot to røyster. 

Til toppen