JA: Med nitten røyster gjekk fylkestinget inn for å halda fram arbeidet med å få til ein Vestlandsregion. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune
JA: Med nitten røyster gjekk fylkestinget inn for å halda fram arbeidet med å få til ein Vestlandsregion. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune (Foto: Arkiv/Sogn og Fjordane fylkeskommune.)

Fylkestinget sa ja til Vestlandsregionen

Senterpartiet, Miljøpartiet dei grøne og Sosialistisk Venstreparti ville ikkje gå inn for å halda fram arbeidet med ein Vestlandsregion, men fekk ikkje fleirtal.

Fylket: Etter ein lang og til dels krass debatt fall til slutt avgjerda rett før klokka 1630 - Sogn og Fjordane skal halda fram arbeidet med samanslåing til ein Vestlandsregion i 2020 slik det er lagt opp til i intensjonsavtalen Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland mellom.

Aleksander Øren Heen (Sp) signaliserte tidleg i debatten at han såg kvar det bar:

– Då var dagen komen for å ta stilling til Sogn og Fjordane si framtid. Eg skal vera heilt ærleg; eg har ikkje sett fram til denne dagen fordi eg er uroa for framtida til fylket. Eg frykta at når ein starta på ein slik prosess så ville det enda her. Eg  har vorte kalla både kulturkonservativ og bakstreversk, men det tek eg ikkje så tungt -fordi eg meiner Senterpartiet har folket med seg i denne saka.

Men Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet sine 19 stemmer sikra fleirtal for Vestlandsregion.

Les også: Fylkesutvalet sa ja til Vestlandsregionen

Les også: Sunn skepsis til Vestlandsregion

16 av 26 kommunar har sagt ja

Fleirtalet legg til grunn at eit fleirtal i Stortinget tidlegare i år har sagt at tal folkevalde regionar skal reduserast vesentleg. I vedtaket legg dei også vekt på at dei fleste av kommunane som sende inn høyringssvar til intensjonsplanen, er positive til samanslåing. 16 av kommunane seier ja til Vestlandsregionen, ni seier nei, ein har ikkje levert høyringsfråsegn.

Les også: Høl skulda for å driva høgrepolitikk: – Får vera måte på frekkheit

Fleirtalet strekar også under at det er heilt uakseptabelt å dela dagens Sogn og Fjordane i ulike regionar.

Nye oppgåver, desentralisering og nynorsk

Fylkestinget legg intensjonsplanen frå 15. september til grunn for samanslåing – med ein del presiseringar. Ein viktig føresetnad er at sentrale myndigheiter følgjer opp kravet om oppgåver både når det gjeld eksisterande og nye oppgåver.

Les også: Forsvinn kraftmilliardane inn i ein Vestlandsregion?

Ei anna presisering går på at den framtidige administrasjons- og tenestestrukturen må byggja på desentralisering, maktspreiing og prinsippet om å ta heile regionen i bruk. Fylkestinget føreset også at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk, og at regionen gjer vedtak om at staten brukar nynorsk til regionen.

Vegen vidare

Fylkestinga i Hordaland og Rogaland handsamar intensjonsplanen for samanslåing neste veke. Om det vert to positive vedtak der, søkjer dei tre fylkestinga Stortinget om samanslåing. Fylkeskommunane kjem då til å førebu gjennomføring i perioden 2017–2020.

Dersom dei to andre ikkje går for Vestlandsregionen, vil fylkestinget at Sogn og Fjordane startar og gjennomfører ny dialog og forhandlingar om ei alternativ regionløysing. Fylkestinget opnar då opp for å invitere også Møre og Romsdal inn i forhandlingar om ei ny løysing, går det fram av ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Til toppen