Fylkestinget stiller seg bak Hemsedalsfjellet

Fylkestinget stiller seg bak Hemsedalsfjellet

Fylkestinget vedtok samrøystes at Rv 52 Hemsedalsfjellet bør vera hovudveg mellom aust og vest, men at E16 over Filefjell blir fullført slik som planlagt. 

Det vart vedteke fredag 10. april. Fylkestinget i Sogn og Fjordane støttar Statens vegvesens langsiktige utviklingsstrategi for riksvegar med to hovudsamband mellom Austlandet og Vestlandet. Fylkestinget legg til grunn at E16 over Filefjell og nødvendige utbretingar på E16 gjennom Valdres blir utført som planlagt. 

Drakamp om vegkronene

Statens vegvesen tilrår E134 Haukelifjell og Rv52 som dei framtidige hovudvegane mellom aust og vest. Statens vegvesen utgreiing om vegsamband mellom Austlandet og Vestlandet er no ute på høyring fram til 8. mai. 

Dette er ein del av forarbeidet til neste Nasjonal Transportplan (NTP) for 2018 til 2027, som dannar grunnlag om kva som bør prioriterast når vegsambanda over fjellet skal bli utbetra.  

Les også: – Vinnarane er Rv52 og E134

Ferjefritt samband frå Oslo til Florø

I tillegg støttar Fylkestinget Statens vegvesen sin tilråding om tunell frå Borlaug i Lærdal til Bjøberg i Hemsedal og ei vidare opprustning av Rv 52 over Hemsedalsfjellet, med tilkopling og utbetringar av kritiske punkt på Rv5 og eit ferjefritt samband mellom Manheller - Fodnes. 

Les også: Ministeren testar vegane frå aust til vest

Til toppen