KREV ORDNING: Fylkestinget i Sogn og Fjordane krev ei eiga ordning for reperasjon av fylkesveganlegg og infrastruktur etter ekstremvêr.
KREV ORDNING: Fylkestinget i Sogn og Fjordane krev ei eiga ordning for reperasjon av fylkesveganlegg og infrastruktur etter ekstremvêr. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Fylkestinget vil ha eit fond for vegreparasjon etter naturskade

Leikanger: Utspelet vart seinast sett fram då fylkestinget kom med innspel til Nasjonal transportplan 2018–2024. I sommar gjorde uvêr store skadar på fylkesveg 60 i Utvik. Oppbygginga av vegar og bruer er noko som har påført fylkeskommunen store kostnader.

– Hendinga i Utvik er endå eit døme som verkeleg syner behovet for ei ordning som kompenserer utgiftene me får. Me krev no at regjeringa snarast opprettar eit slikt fond, seier fylkesordførar Jenny Følling, som denne veka sender eit brev med kravet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

255 millionar i nettokostnadar

Hendingane i Sogn og Fjordane dei siste åra, med mellom anna øydelagd veg langs Otterdalsstranda i Hornindal og store øydeleggingar i Flåm og Utvik, har ført til store kostnadar for fylkeskommunen. Sidan 2010 har fylkeskommunen hatt over 255 millionar i nettokostnadar. Under halvparten har vorte dekka av staten.

– Det er urimeleg at me skal ta så store kostnadar, spesielt når me ser at desse skadane berre rammar nokre fylke, meiner fylkesordføraren.

Ho trekker fram Hedmark og Oppland som andre fylke som har vore særleg hardt ramma av ekstremvêr dei siste åra.

Til toppen