VART DØMD: Ein tidlegare fylkestopp i Sogn og Fjordane fylkeskommune vart torsdag dømd til to års fengsel og må betale ei erstatning til fylkeskommunen på 2,7 millionar kroner.
VART DØMD: Ein tidlegare fylkestopp i Sogn og Fjordane fylkeskommune vart torsdag dømd til to års fengsel og må betale ei erstatning til fylkeskommunen på 2,7 millionar kroner. (Bilde: Halvor Farsund Stovik)

Fylkestopp dømd til fengsel i to år og må betala 2,7 millionar i erstatning til fylkeskommunen

Kjøpte mellom anna drone, pulsklokker, videoutstyr, høgtalar og nettbrett for over 3 millionar kroner på fylkeskommunen si rekning.

Leikanger: Den tidlegare sjefen i fylkeskommunen vart torsdag dømd til fengsel i to år og må betala 2,7 millionar kroner i erstatning til Sogn og Fjordane fylkeskommune for innkjøpa han gjorde.

Mannen kjøpte alt frå kamera-, video-, nettverks- og lydutstyr til nettbrett, radio, pulsklokker, gåvekort og droner på fylkeskommunen si rekning. Sjølv erkjende han straffeskuld for eit beløp på mellom 150.000 og 200.000 kroner. Mannen hevda at ein del av innkjøpa han er skulda for å ha gjort, skulle brukast til gåver til studentar og tilsette, mellom anna i rekrutteringsarbeid.

Retten legg til grunn at dette er utstyr mannen ikkje trengte i jobben sin i fylkeskommunen, men at han i staden brukte dette til private føremål, mellom anna i eit lokalt idrettslag. Til saman er det så mykje utstyr at det fylte sal 2 i tingretten sine lokale i Førde. 

Innkjøpa har pågått i ein periode på om lag 3,5 år mellom april 2011 til januar 2015. Då vart det ved ei tilfeldigheit oppdaga at den no dømde mannen hadde bestilt nettverksutstyr av ein annan type enn det som var akseptert bruk i det fylkeskommunale nettverket.

Forholdet blei då meld til politiet og tiltalte vart tatt inn til avhøyr. Det vart gjennomført ransaking og tatt beslag i ei stor mengde med gjenstandar.

Mannen er også dømd til å betala saksomkostningane til det offentlege.

Til NRK seier Stig Nybø, forsvarar for mannen, at dei er skuffa over dommen.

– Det første vi må gjere er å setje oss ned og lese dommen og gå grundig gjennom den. Vi må sjå grunngjevinga som retten har hatt, og bestemme oss ut i frå det, seier Nybø.

Til toppen