SØNDAGSOPE: Fylkesutvalet går imot regjeringa sitt forslag om å ha søndagsopne butikkar. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.
SØNDAGSOPE: Fylkesutvalet går imot regjeringa sitt forslag om å ha søndagsopne butikkar. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.

Fylkesutvalet mot søndagsopne butikkar

Fleirtalet i fylkesutvalet seier nei til generell søndagsopning av butikkar.

Fylkesutvalet meiner samfunnet treng ein felles fridag i veka og går difor imot, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding

Seks av ni medlem i fylkesutvalet meiner søndagsopne butikkar vil verka negativt for arbeidstakarane, for familiane og særleg for borna.

Dei sikra dermed fleire for ein høyringsuttale mot regjeringa sitt forslag om å tillate butikkar å halde ope på søndagar.

– Det er ikkje gjort nokon utgreiingar om korleis eit slikt tiltak vil påverke samfunnet vårt. Det vil vankeleggjere å skape gode møteplassar for både mindre og større samlingar. Det vil verke negativt på mykje av det frivillige arbeidet som lokalsamfunna våre er heilt avhengige av. Vidare vil det ikkje gje forbrukarane betre teneste eller rimelegare varer.

– Og me trur det vil sentralisere handelen og gjere det vanskeleg for mange mindre butikkar, både i by og bygd. For vårt fylke er me særleg oppteken av å behalde dei lokale butikkane, fordi dei er svært viktige for dei som bur i nærleiken, både som butikkar og som møteplassar, heiter det i fråsegna.

Høyringsfråsegna vart vedteken 24. juni. Representantane frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre stemte imot fråsegna.

– Fylkesutvalet rår også i frå ei ordning der kvar enkelt kommune skal ta avgjerd om butikkane skal vere opne eller ikkje på søndagane, står det vidare i fråsegna.

Til toppen