POSITIVE: Fylkespolitikarane er positive til ei kraftutbygging i Nundalen fordi dei meiner fordelane er større enn ulempene. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
POSITIVE: Fylkespolitikarane er positive til ei kraftutbygging i Nundalen fordi dei meiner fordelane er større enn ulempene. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Fylkesutvalet positive til utbygging i Nundalen

Fylkesutvalet meiner fordelane er større enn ulempene.

Årdal: Difor seier fylkespolitikarane seg positive til utbygginga av Nundelselvi kraftverk. Dei meiner fordelane er vurdert til å vera større enn ulempene for allmenne og private interesser. 

Men for at dei skal vera positive er det sett krav om ei undersøking i tråd med kulturminnelova. 

Meiningane er delte om kraftutbygginga, som særleg har fått fokus etter lokalvalet i Årdal. Frå før har Sogn og Fjordane Turlag, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og Forum for natur og friluftsliv, samt Fylkesmannen vore negative til utbygginga.

Les også: Kommunen seier ja til kraftutbygging i Nundalen

I byrjinga av september vedtok eit samla formannskap i Årdal kommune å seia ja, men etter valet får denne saka eit anna utfall.

SAMARBEID: Etter valet vart Arbeidarpartiet og Miljøpartiet dei grøne einige om eit samarbeid.
SAMARBEID: Etter valet vart Arbeidarpartiet og Miljøpartiet dei grøne einige om eit samarbeid.

Gjennomslag for grøn politikk

For då Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne blei einige om eit samarbeid som sikra dei fleirtalet i kommunestyret, var det klart i avtalen at kommunen skulle seia nei til kraftutbygging i Nundalen. 

Les også: Fylkesmannen er kritisk til kraftutbygginga i Nundalen

– Me har fått gjennomslag for at ingen av friområda skal omregulerast, og det blir heller ingen nye vasskraftutbyggingar i Årdal, sa Sandra Opheim (MDG) på pressekonferansen då samarbeidet blei offentleggjort.

Saka om Nundalselvi kraftverk kjem opp i kommunestyret den 22. oktober etter at NVE godkjende ei utsetjing av uttalen frå kommunen. I mellomtida skal det vera synfaring i regi av NVE den 13. oktober. 

Til toppen