1060 MILLIONAR: Havila tilbyr å kjøpa fylkeskommunen sine Fjord1-aksjar for 1060 millionar kroner. Konsernsjef i Havila, Per Sævik, innfelt. Illustrasjonsfoto
1060 MILLIONAR: Havila tilbyr å kjøpa fylkeskommunen sine Fjord1-aksjar for 1060 millionar kroner. Konsernsjef i Havila, Per Sævik, innfelt. Illustrasjonsfoto

Fylkesutvalet samrøystes om sal til Havila

Aleksander Øren Heen (SP) er nøgd med avtalen om å selja fylkeskommunen sine Fjord1-aksjar til Havila for 1065 millionar kroner.

Indre Sogn: – Eg er veldig glad for at eit samla fylkesutval no har gått inn for sal. Det tener verken utvalet eller Fylkestinget at me blir sitjande med ei djup splitting mellom partia over tid. Me har fått til ein god avtale for Fjord1 i framtida med Havila, seier Aleksander Øren Heen til Porten

Etter at Konkurransetilsynet nekta Sogn og Fjordane fylkeskommune å selja Fjord1-aksjane sine til Torghatten, har det vore forhandlingar om ei avtale om sal av dei same aksjane til Havila-konsernet.

Det meste av innhaldet i avtalen har vorte kjend dei siste dagane - mellom anna at hovudkontoret skal liggja i Florø og at dei får fire styrerepresentantar i Fjord1 inkludert styreleiar medan fylkeskommunen skal ha to.

– I møtet her i dag me fått inn gode formuleringar rundt hovudkontoret i Florø. Fylkeskommunen har vetorett i dette spørsmålet så lenge me sit med aksjar. Sævik har vidare påpeika at han ser føre seg å styra Fjord1 frå Florø også etter at fylkeskommunen er ute. Eg har tillit til det og er ikkje bekymra, seier Øren Heen.

Har flagga interesse for å ta med fleire

Det har også kome fram at det i denne omgangen er snakk om kjøp av ein del av fylkeskommunen sine aksjar slik at Havila blir sitjande med 67 prosent så fylkeskommunen sit att med 33 prosent. 

Les også: Fylkeskommunen sel Fjord1 til Havila

OFFENTLEG: Under møtet i Fylkesutvalet på Flesland onsdag vart summen konsernsjef Per Sævik i Havila (lengst vekke på biletet) er viljug til å gje for fylkeskommunen sine Fjord1-aksjar. Presse
OFFENTLEG: Under møtet i Fylkesutvalet på Flesland onsdag vart summen konsernsjef Per Sævik i Havila (lengst vekke på biletet) er viljug til å gje for fylkeskommunen sine Fjord1-aksjar. Presse

Dei resterande aksjane kan verte selde innanfor ein påfølgjande opsjonsperiode på vel to år, fortrinnsvis til investorar med tilknyting til Vestlandet. Til no har fylkeskommunen site med aksjemajoritet på 59 prosent av aksjane i Fjord1, Havilafjord - eit dotterselskap i Havila-konsernet - har hatt 41 prosent.

– Havila har førsterett og kan krevja å kjøpa ut resterande tredel. Men Per Sævik har understreka at han er interessert i å ha med fleire på laget, seier Øren Heen.

Det betyr også at Sogn og Fjordane fylkeskommune etter planen skal vera heilt ute av Fjord1 til i 2019.

Kjøpssummen på 1065 millionar gjeld for alle aksjane Sogn og Fjordane fylkeskommune har hatt til no, det vil seia at eventuelt nye deleigarar må ta sin del av denne kosten.

Blir endeleg avgjort fredag

Summen for dei same aksjane i den vraka avtale med Torghatten var 1,2 milliardar kroner. Men Øren Heen meiner avtalen med Havila i praksis er vel så god.

– Risikoen i denne avtalen er mindre fordi den endelege og faktiske summen i avtalen med Torghatten ville vera noko avhengig av utbyte. I avtalen med Havila er det snakk om ein fast sum.

Det blir endeleg avgjort om salet av aksjane kjem i stand under Fylkestinget komande fredag. Øren Heen meiner det er lite sannsynleg at Fylkestinget vil gå mot innstillinga til eit samla fylkesutval.

– At det blir snudd opp-ned på dette etter eit samrøystes vedtak her og etter ein så grundig gjennomarbeidd arbeidd prosess trur eg neppe. Men det er klart at alle parti skal seia sitt, så ingenting er endeleg avgjort før klubba fell fredag.

 

Til toppen