DYR BILLEGLØYSING: Politikarane i fylkesutvalet lytta til tilrådinga frå både fylkesrådmann Tore Eriksen og Statens vegvesen.
DYR BILLEGLØYSING: Politikarane i fylkesutvalet lytta til tilrådinga frå både fylkesrådmann Tore Eriksen og Statens vegvesen. (Bilde: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Fylkesutvalet tilrår den billegaste løysinga for Seimsdalstunnelen

– Eg veit at kommunen ønskte ei anna løysing, seier Aleksander Øren Heen (Sp). No er det opp til fylkestinget å bestemme.

Leikanger: På eit møte i fylkesutvalet i dag diskuterte politikarane kor mange millionar dei vil bruke på å utbetre tunnelen mellom Årdalstangen og Seimsdalen.

Av fire moglege alternativ enda dei på det billegaste, som uansett vil koste 266 millionar kroner. Utan at årdølene i salen grein på nasen av den grunn.

GODT NØGD: Aleksander Øren Heen (Sp).
GODT NØGD: Aleksander Øren Heen (Sp). Foto:  Ole Ramshus Sælthun

– Eg er veldig godt nøgd med den løysinga som no er vald. Det blir eit skikkeleg løft, både for dei som bur i Seimsdalen og for oss som brukar tunnelen av og til, seier Aleksander Øren Heen (Sp).

Brei semje, trass to årdøler i utvalet

Løysinga dei har spelt over til fylkestinget er å nesten doble vegbreidda, samt å lage ein to meter brei gang- og sykkelveg i tunnelen. Alternativet som årdølene nok helst ønskjer seg er èin meter breiare og nesten tredve millionar dyrare.

Sjølv med to årdøler i utvalet vart det aldri nokon reell diskusjon, seier Øren Heen.

– Me skulle gjerne alltid ha valt dei største og dyraste løysingane, men fylkeskommunen har mange prosjekt å løysa og ikkje spesielt god økonomi. Då må vi velja gode løysingar som samstundes ikkje er for dyre. Eg veit at kommunen ønskte noko anna, men slik er det alltid. Det er vår oppgåve som fylkespolitikarar å sjå heile fylket, seier han.

Etterlengta oppgradering

Hilmar Høl (Ap) er òg glad for at dei seks hundre som bur i Seimsdalen kan sjå fram til å få ein skikkeleg tunnel. Spaningsmomentet for han er kor kjapt dei vil greie å få realisert planane. Seimsdalstunnelen hamnar nemleg i konkurranse med Blaksettunelen i Stryn, to prosjekt som fylkespolitikarane valde å sidestille i sist runde.

– Me håpar at Seimsdalen kjem først i køen, slik Arbeidarpartiet føreslo, seier Høl.

Seimsdalstunnelen stod ferdig i 1965. Den er 1515 meter lang, har ei køyrebane på rundt 5,5 meter, ei skilta høgde på 3,3 meter og er ikkje tilpassa mjuke trafikkantar. Det sa fylkespolitikarane i 2015 at dei ønskjer å gjere noko med.

No blir det opp til fylkestinget å avgjere kvar ambisjonsnivået skal vere – og kor kjapt planane kan realiserast.

 

NY DRAKT: Fylkesutvalet tilrår å utvide Seimsdalstunnelen med ein to meter brei gang- og sykkelveg
NY DRAKT: Fylkesutvalet tilrår å utvide Seimsdalstunnelen med ein to meter brei gang- og sykkelveg Foto: Truls Grane Sylvarnes
Til toppen