POSITIVE: Endestoppen for ekspressbåten frå Bergen er i dag Sogndal med unntak av perioden mai-september, då går båten til Flåm. No går fylkesutvalet inn for å utvida perioden med ein månad i kvar ende, og stiller seg dessutan positive til at Flåm blir endestopp heile året, noko Reiselivet i Sogn, regionrådet og kommunane langs fjorden har kjempa for. Illustrasjonsfoto
POSITIVE: Endestoppen for ekspressbåten frå Bergen er i dag Sogndal med unntak av perioden mai-september, då går båten til Flåm. No går fylkesutvalet inn for å utvida perioden med ein månad i kvar ende, og stiller seg dessutan positive til at Flåm blir endestopp heile året, noko Reiselivet i Sogn, regionrådet og kommunane langs fjorden har kjempa for. Illustrasjonsfoto (Foto: Jan Christian Jerving)

Fylkesutvalet vil utvide sommarruta Bergen–Flåm

Fylkesutvalet tilrår fylkestinget å utvide sesongen på ekspressbåten Bergen–Flåm–Bergen med inntil ein månad i kvar retning. Utvalet er også positive til å flytta endestoppen frå Sogndal til Flåm på heilårs basis.

Aurland: Dersom fylkestinget går for tilrådinga, kan sommarruta køyre frå april til oktober, mot mai til september i dag. Føresetnaden for ei slik utviding er at reiselivsnæringa og operatøren tek ansvaret og den økonomiske risikoen med sesongutvidinga, går det fram av ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkesutvalet er også positive til intensjonane med å få til ei betre samankopling mellom Flåm og nordsida av Sognefjorden heile året. Reiselivet i Sogn, regionrådet og kommunane langs fjorden har kjempa for dette – å flytte endestoggen til den heilårs Sognebåten frå Sogndal til Flåm.

Fylkesutvalet rår fylkestinget til å be hovudutval for samferdsle og administrasjonen om å gjennomføre drøftingar med Visit Sognefjord og Norled om moglege løysingar for ei slik samankopling.

Fylkestinget handsamar saka om både sommarruta og heilårsruta mellom Bergen og Sogn i møtet i Loen 13. og 14. juni.

Til toppen