Aurland: Fjellovergangen vart stengt like før 07.00 tysdag morgon på grunn av uvêr. Det har kome ein del nedbør i natt, som har gitt voldsomt med snøbyger.
På dei andre fjellovergangane går trafikken, men forholda er ikkje optimale.
Best ser det ut til å gå på E16 Filefjell, der det vert meldt om snø og lett bris i nokre få minusgrader.
På riksveg 52 Hemsedalsfjellet er sikta redusert på grunn av mykje snøvêr, og store køyretøy bør bruke kjetting, er anbefalinga frå Vegvesenet.
Også på fylkesveg 53 Årdal-Tyin er sikta redusert på grunn av mykje snø, medan fylkesveg 55 Sognefjellet er stengt på grunn av uvêr. Her vert det gjort ei ny vurdering klokka 13.00 tysdag.