Fylkesveg 53 er midlertidig stengd

Fylkesveg 53 er midlertidig stengd

Grunna uvêr er fylkesveg 53 Årdal - Tyin stengd.

Dette melder Statens Vegvesen på sine nettsider laudag morgon. Det vert ikkje opplyst om kor lenge vegen vil vere stengd. 

På europaveg 16 over Filefjell verdt det meldt om snø- og isdekke, stadvis redusert sikt. Klokka 05:45 var det 0 grader, liten kuling og snøbyger.

Riksveg 52 over  hemsedalsfjellet er også ope, og hert vert det meldt om snø- og isdekke. Klokka 06:00 var det 0 grader, frisk bris og snø.

På fylkesveg 50 Hol - Aurland vert det meldt om vekslande bart og snødekke. Klokka 06:00 var det 1 grad, liten kuling og kraftig snø.

Saka vert oppdatert

Til toppen