Luster: Fylkesveg 5637, mellom Skjolden og Galdanetunnelen nær Sørheim er stengt grunna ras. Raset gjekk i 22-tida fredag kveld.

– Geolog er no på plass med drone for å vurdere om det er trygt å starte opprydningsarbeid i området, seier Roger Nedberge Hille, trafikkoperatør i vegtafikksentralen.
Han beskriv det som eit større seinras og opplyser om at han ikkje har kjennskap til om nokon er tekne av raset.
Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.