STEINRAS: Fylkesveg 53 er stengt mellom Fodnes og Årdalstangen på grunn av steinras. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STEINRAS: Fylkesveg 53 er stengt mellom Fodnes og Årdalstangen på grunn av steinras. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

Fylkesveg opna att etter ras

Fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Fodnes var stengt i tre timar.

Årdalstangen: Fylkesveg 53 vart stengt tysdag morgon etter at det gjekk eit ras mellom Kolnostunnelen og Finnsåstunnelen. 

Vegen er den viktigaste åra inn og ut av Årdal og blir mykje nytta av pendlarar. 

Entreprenør var tidleg på staden, men fekk ikkje starte opprydding før ein geolog hadde vurdert ståa for ny rasfare. 

09.15 melder Vegtrafikksentralen på Twitter at vegen er opna att.

Til toppen