STENGT: På fylkesveg 50 Hol Aurland er det stengt tysdag morgon. Det er dårleg vêr i fjellet. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
STENGT: På fylkesveg 50 Hol Aurland er det stengt tysdag morgon. Det er dårleg vêr i fjellet. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Fylkesvegen opna att etter dårleg vêr

Fylkesveg 50 var stengt tysdag morgon på grunn av uvêr, men er no opna att.

Aurland: Det er snøbyger og vind i fjellet, og det førte til at Hol-Aurland måtte stengjast i morgontimane tysdag, men no melder Statens vegvesen at vegen er opna att.

Også på dei andre fjellovergangane går trafikken som normalt no. På riksveg 52 har det vore asfaltarbeid, men det er no avslutta.

Elles vert det meldt om stadvis redusert sikt på både Filefjell og Tyin-Årdal.

Til toppen