BYGGJER UT: Utbygginga av breiband held stadig fram. Foto: arkiv.
BYGGJER UT: Utbygginga av breiband held stadig fram. Foto: arkiv. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Fylket får tretti millionar til superrask internett

1.846 nye husstandar i Sogn og Fjordane får eit fullgodt internettilbod dei neste to åra

Leikanger: Statlege har gitt tretti millionar kroner å byggje breiband for dei neste to åra, som igjen løyser ut ein samla sum på åtti millionar kroner. Fylkesordførar Jenny Følling er svært glad for pengane. 
 
– Vi har fått god utteljing takka vere eit godt samarbeid i fylket, seier ho i ei pressemelding som gjekk ut frå fylkeskommunen i dag.

Les også: Byggjer ut breiband for hundrevis av millionar i fylket
Les også: Årdalsnett byggjer ut breiband på fjellet

Pengane går til område som har det dårlegaste tilbodet i dag og som ikkje er lønsame å bygge ut for leverandørane. Innbyggjarane må òg bidra med eigne midlar eller dugnad i samband med den føreståande utbygginga.

Tjuefem bygder i tjue kommunar her i fylket står på lista over dei som no kan få eit fullgodt internettilbod. Her i Sogn er det Øvre Seimsdalen og Fardalen i Årdal, Øvre Flåmsdalen i Aurland, Lånefjorden i Balestrand, Erdal i Lærdal, den nordlege delen av Jostedalen i Luster, Fjærland i Sogndal og Arnafjord i Vik som står for tur.

– Kommunane i Sogn og Fjordane har i 2014 og 2015 fått over 58 millionar kroner i statstilskot. Med den nye tildelinga på 30 millionar får 1.846 nye husstandar eit fullgodt breibandtilbod, seier prosjektleiar Olav Skarsbø.

Fylkestinget vedtok i april ein ny breibandstrategi for fylket. Målet er at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til eller ha prosjekt for å etablere andre generasjon breiband innan 2020.

Til toppen