HISTORISK MYKJE: Sogn og Fjordane har fått over 50 millionar kroner i spelemidlar som skal fordelast. Det er historisk mykje. Foto: Arkiv.
HISTORISK MYKJE: Sogn og Fjordane har fått over 50 millionar kroner i spelemidlar som skal fordelast. Det er historisk mykje. Foto: Arkiv.

Fylket har fått historisk mykje i spelemidlar

Regjeringa har løyvd 53 266 000 kroner av spelemidlane til Sogn og Fjordane. Det er meir enn ei dobling frå 2012.

Fylket: – Dette er svært gledeleg for alle innbyggjarane i fylket. Det gode resultatet kjem av mange godkjende søknader, stort dugnadsengasjement i frivillige lag og organisasjonar og betre kompetanse i kommunane.

– Søknadsmassen er svært stor i 2017 og har stor variasjon og oppfyller visjonen til arbeidet på feltet, som er fysisk aktivitet for alle, seier rådgjevar fysisk aktivitet og idrett, Atle Skrede.

Resultatet av det gode arbeidet er at Sogn og Fjordane i år får meir spelemidlar enn meir befolkningsrike fylke som Troms, Hedmark og Telemark.

346 søknader

I år kom det inn 346 søknader til ein samla søknadssum på 211 millionar kroner. Ventetida for søkjarar som har søkt midlar til anlegg, vil med dagens løyving gå ned og vere på vel tre år for idrettsanlegg og om lag to år for nærmiljøanlegg.

Dette betyr mykje for dei som medan dei ventar på midlar, kan redusere tida med mellombelse lån. For tre år sidan var ventetida for idrettsanlegg fem år.

– Det viktigaste verkemiddelet staten har i idrettspolitikken, er anlegg for å trene og drive fysisk aktivitet. Det vert ein fryd å legge fram denne saka og formidle at ventetida går ned, seier Skrede.

Ny tilskotsordning

Det vert i år i tillegg innført ei ny tilskotsordning for å stimulere til bygging av nye anleggstypar for eigenorganisert aktivitet, som til dømes FYSAK-hus, som kan vere tilrettelagde for til dømes skating, trampoliner og klatring.

Spelemidlane vert fordelt når hovudutvalet for næring og kultur har møte 30. mai.

Til toppen