Humanistisk konfirmasjon: Sogn og Fjordane er eit av dei fylke det færrast vel å konfimere seg humanistisk. Illustrasjonsfoto: Human-Etisk Forbund. 
Humanistisk konfirmasjon: Sogn og Fjordane er eit av dei fylke det færrast vel å konfimere seg humanistisk. Illustrasjonsfoto: Human-Etisk Forbund. 

Fylket i botn på humanistiske konfirmasjonar – her er årets kull i Sogn

I Sogn har talet vore stabilt dei siste åra.

Sogndal: I år er det 28 humanistiske konfirmantar frå Indre Sogn som skal konfirmera seg i Sogndal i mai. Talet har lege rundt tretti dei siste åra, med små variasjonar opp og ned.

SEREMONIMEISTER: Gry Tokvam leiar den humanistiske konfirmasjonen i Sogndal. Her frå eit matkurs i 2015. Foto: Truls Grane Sylvarnes/arkiv

– Me har ikkje vore på nokon landstopp, seier seremonimeister Gry Tokvam.

I 2018 var det 108 humanistiske konfirmantar i Sogn og Fjordane. Det utgjer 7,3 prosent av 15-åringane i fylket, den lågaste prosentdelen i landet. Snittet låg på 18,6 prosent, medan Vestfold toppa statistikken med 27,4 prosent.

Tokvam trur den låge oppslutninga her i fylket i første rekke skuldast lange reiseavstandar. Det blir langt for ein 15-åring frå Øvre Årdal, Flåm, eller Skjolden å koma seg til dei obligatoriske kursa i Sogndal.

– Det krev meir av deg enn å berre følgja straumen, seier Tokvam.

Ho trur óg dei kristne tradisjonane kanskje står sterkare på landsbygda, i tillegg til at skulane er mindre, og du som humanistisk konfirmant fort blir den ein som skiljer deg ut. 

Uansett tykkjer ho dei har fått ei flott liste konfirmantar i år óg, og det er ein spent seremonimeister som ser fram til konfirmasjonen.

– Eg gler meg, det er ein stor dag, både for dei og for oss. 

Her er lista: 

  • Idunn Auestad
  • Inga Sægrov Binningsbø
  • Erik Lefstad Drægni
  • Erling Tørud Håland
  • Jonathan Kjørlaug
  • Theo Kopperdal
  • Anne Karin Kure
  • Sunniva Lomheim
  • Stina Smedegård
  • Emil Eggum Talleraas
  • Oda Ligtvor Tufte
  • Gabriela Alberska
  • Thea Andersen
  • Aksel Nordstrand Bøkenes
  • Marie Hoel-Hansen
  • Olai Hatlelid Holsæter
  • Jakob Røysi Hovland
  • Patrick Hundere
  • Torbjørn Julusmoen Hågård
  • Magnus Kolås
  • Simen Ylvisåker von Porat
  • Ella Johannesen Skålvik
  • Eli Amalia Tverberg Sletten
  • Torstein Solli-Supphellen
  • Hanna Ugulsvik
  • Cassandra Skilbrei Våtevik
  • Marlik Wagner
  • Tuva Øvsthus-Skudal
Til toppen