SAMLA: Varaordførar i Lærdal, Trond Øyen Einemo (H), var fredag på Skei der politikarane i fylket var samla for å diskutere korleis dei skal posisjonere seg inn mot den nye Nasjonale transportplanen. Foto: Halvor Farsund Storvik.
SAMLA: Varaordførar i Lærdal, Trond Øyen Einemo (H), var fredag på Skei der politikarane i fylket var samla for å diskutere korleis dei skal posisjonere seg inn mot den nye Nasjonale transportplanen. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Fylket kan bli ein av taparane i vegkampen

Skei: Politikarar frå Sogn og Fjordane samla fredag troppane før den komande vegkampen. Ein ny plan for samferdslepolitikken i Noreg er nemleg i ferd med å bli meisla ut. Og meir enn kanskje nokon gong gjeld det for fylket å stå med samla front.

Regjeringa har sagt klart frå om at samfunnsøkonomisk nytte skal bli vekta langt tyngre enn før. Kor mykje kortare blir reisetida og kor mange nyttar vegen? Det er spørsmåla som skal liggje fremst i pannebrasken på dei som no skal vurdere nye vegprosjekt. 

– Der det er mest trafikk, der får dei mest pengar, oppsummerer Øyen Einemo.

Og du treng ikkje vere rakettforskar for å skjøne at Sogn og Fjordane vil risikere å kome bak i leksa med slike kriterie i botn.

Vegdirektøren med klare råd

Den nye nasjonale transportplanen (NTP) skal gjelde for tiårsperioden 2018-2029. Fagetatane Avinor, Kystverket, Jernbaneverket og Statens vegvesen har allereie kome med sitt forslag.

Fleire store prosjekt frå Sogn og Fjordane, som tidlegare har vore inne i NTP-varmen, er no ute i kulda på grunn av dei nye føringane. Til dømes gjeld det Vikafjellstunnelen og Strynefjellstunnelane.

KLAR TALE: Vegdirektør Terje Moe Gustavsen spår hard kamp om vegkronene og oppmodar politikarane i fylket om å samle seg om nokre få viktige prosjekt. 
KLAR TALE: Vegdirektør Terje Moe Gustavsen spår hard kamp om vegkronene og oppmodar politikarane i fylket om å samle seg om nokre få viktige prosjekt. 

Forslaget, eller grunnlagsdokumentet som det heiter, er no ute på høyring og fristen for å meine noko om det går ut til sommaren.

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen i Statens vegvesen var på plass for å geleide tilhøyrarane gjennom det fleire hundre sider lange dokumentet.

Han hadde eitt tydeleg råd til politikarane.

 

– Det aller viktigaste er å samle seg om nokre relativt klare prioriteringar. Det er enkelt å plusse på alle ønskjelister, det er meir krevjande å bli einige om kva som er det aller viktigaste. Det blir svært viktig vidare. De kjem lenger om de står saman, seier han. 

Meir pengar til rassikring

– Me har nok ein jobb å gjera, innrømmer Jarle Aarvoll (Ap), ordførar i Sogndal. 

–  Me har mange gode argument. Difor er det viktig med denne typen samlingar og at me greier å samordna prioriteringane. Det er den einaste måten vi kan nå fram på, seier han.

HAR TRUA: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (i midten), vil ikkje svartmåle situasjonen trass dei nye føringane frå regjeringa. 
HAR TRUA: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (i midten), vil ikkje svartmåle situasjonen trass dei nye føringane frå regjeringa. 

 Han òg merkar kva veg vinden bles, men vil ikkje vere for pessimistisk heller. 

– Vurderingar kring samfunnsnytte er noko ein ikkje berre kan sjå vekk frå. Men det er ikkje det einaste som betyr noko og det skal me greia å få fram på ein god måte. Så det skal nok framleis bli bygd mykje gode vegar i dette fylket, seier Aarvoll.

Pengesekken til nye vegprosjekt vert altså slankare enn før, derimot aukar potten til rassikring med tjue prosent. Det er noko som kjem eit fylke som vårt til gode, der tek vi ein større del av kaka enn nokon andre.

Det gler varaordføraren i Lærdal. 

– Det er kjempeviktig for det handlar om tryggleiken vår. Dei færraste ferdast over vegane våre og ser kor skredfarleg det eigentleg er. Så det er kjempepositivt, seier Øyen Einemo.

 

 

Til toppen