INTENSJON: Då intensjonsavtalen om samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland vart signert var det med utgangspunkt i at den nye regionen skal heita "Vestlandet". Sogn og Fjordane Mållag meiner namnet bør bli "Bjørgvin". Arkivfoto: Noralv Distad

– Fylket må heite Bjørgvin

Når Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman bør storfylket ta namnet Bjørgvin, ikkje Vestlandet, meiner styret i Sogn og Fjordane mållag.

– Vi er svært nøgde med at nynorsk er vedteke som administrasjonsspråk i den nye regionen, men vi er mindre nøgde med namnet som forhandlingsdelegasjonane er blitt samde om, heiter det i ei fråsegn frå mållaget, skriv Fjordenes Tidende.

Dei viser til at namnet Vestlandet er både fantasilaust og historielaust, medan namnet Bjørgvin finst i skriftlege kjelder frå 1349 og i andre former av namnet frå endå lenger tilbake. 

– Eit namn som har overlevd Svartedauden er godt kvalifisert til å bli namnet på den nye regionen, heiter det i fråsegna.

Til toppen