TALTE: Jenny Følling under fylkestinget i dag, 14. juni. Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune
TALTE: Jenny Følling under fylkestinget i dag, 14. juni. Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Fylket må ta styringa over eiga framtid

– Det er viktig at vi i Sogn og Fjordane set oss i førarsetet, sa fylkesordførar Jenny Følling i opningstalen til fylkestinget 14. juni.

Fylkesordføraren opna fylkestinget med refleksjonar rundt reformene og omstillingsarbeidet som pregar fylket i desse dagar. Regionreforma kan ende i færre, større regionar.

– Regjeringa har her varsla «tøffare» verkemiddel og landskapet kan difor endre seg raskt. Vi har freista å finne dei konstellasjonane som best tek vare på interessene til innbyggjarane i Sogn og Fjordane, sa Følling.

Fylkesordføraren kunne stadfeste at nabofylka er samde om at regionreforma må vere ei reell demokrati- og desentraliseringsreform, med større ansvar til nye regionar.

Teknologi 

Omstilling skjer og på teknologifronten. Sogn og Fjordane har ei rekke interessante industrimiljø og teknologiprosjekt i fylket som evnar å skape framtidas arbeidsplassar, meiner Følling.

– Teknologiutviklinga kan gje Sogn og Fjordane moglegheiter vi ikkje har tenkt på.

Men omstilling krev gode leiarar, og eit leiarutviklingsprogram i fylket vil kunne utdanne dei dyktige leiarane, poengterte fylkesordføraren. "Å lære å lære" vil verte ein av dei viktigaste eiganskapane i eit samfunn i stor og kontinuerleg endring.

Klima

I talen kom ho og inn på klima og det nye Forum for grøn energi, som har mål om auka verdiskaping knytt til fornybar energi i fylket. I tillegg vart den betydelege vasskraftproduksjonen i Sogn og Fjordane nemnt. Her er nettleiga unaturleg høg for innbyggjarar i eit fylke som bidrar så sterkt for å nå nasjonale produksjonsmål samt redusere klimautsleppa. 

Nasjonal transportplan

Fylkestinget skal gje uttale til nasjonal transportplan, og Følling påpeikte at vi ikkje kan akseptere at investeringar i planen i så stor grad vurderast etter samfunnsøkonomisk nytte.

Det er to overordna transportkorridorar som vi må legge trykk på. Det er opprusting av E39 med gul midtstripe gjennom fylket. Det andre er val av Hemsdal som aust-vestsamband. Den beste, raskaste og mest miljøvenlege traseen.

Klima vart og nemnt i samband med transportsektoren og klimatiltaka fylkeskommunen kan gjere i anbodsarbeidet vart trekt fram. 
 

Ny økonomisk kvardag

Som følgje av nytt inntektssystem vert fylkeskommunen råka hardt økonomisk. Tapskompensasjon må opp, og utgiftar og lånegjeld ned, sa fylkesordføraren.  Prosessen med nedsal av Fjord1 har i den samanheng vore dominerande.

–  Eg er overtydd om at vi alle arbeider målretta for å ivareta fylket sine interesser. Eg føler meg heilt trygg på at vi alle, til tross for ulik ståstad i enkeltsaker, gjer det vi kan for at innbyggjarane i Sogn og Fjordane skal få så gode levekår og rammer som mogeleg, sa Følling.

Til toppen