LÅGAST I LANDET: Ingen fylke i Noreg har færre humanistiske konfirmantar enn Sogn og Fjordane, fortel organisasjonssekretær Astrid Hammer Bolstad. Foto: Human-Etisk Forbund.
LÅGAST I LANDET: Ingen fylke i Noreg har færre humanistiske konfirmantar enn Sogn og Fjordane, fortel organisasjonssekretær Astrid Hammer Bolstad. Foto: Human-Etisk Forbund.

Fylket på botn i tal humanistiske konfirmasjonar

Sogn og Fjordane ligg langt under landsgjennomsnittet viser ferske tal. 

Sogn og Fjordane: Berre 6,5 prosent av 14-åringane valde humanistisk konfirmasjon i Sogn og Fjordane i 2016. Det gjer at fylket ligg på botnen i tal humanistiske konfirmasjonar.Landssnittet er på 16,8 prosent.

– Me nærmar oss påmeldingsfristen for konfirmasjon i 2017, og me ser at denne tendensen frå tidlegare år held fram i heile fylket, seier organisasjonssekretær i Human-Etisk Forbund, Astrid H. Bolstad, i ei pressemelding.

Ho trur årsaka til den låge deltakinga kan skuldast lange reiseavstandar til kurs og seremoni, noko som gjer tilbodet mindre tilgjengeleg, men også at tilbodet er for lite kjend.

– Mange ungdomar og foreldre me tilfeldig snakkar med, hevdar at dei ville ha valt oss dersom dei hadde visst litt meir om humanistisk konfirmasjon, seier Magni H. Flyum, lokallagsleiar i Nordfjord. 

– Tilbakemeldingar me får frå føresette og konfirmantar som har deltatt på kurs og seremoni hjå oss, er svært gode. Fleire foreldre hevdar deira ungdom er blitt meir reflektert gjennom kurset og har fått ny kunnskap, seier Flyum.

Konfirmasjonskurset oppmodar ungdom til sjølvstendig tenking og etisk refleksjon, og blir avslutta med ein høgtidleg  seremoni. Kurset i livssyn og etikk er meint å vere ein byggjestein på vegen mot vaksenlivet, men òg for å styrke konfirmantane her og no.

I Sogn finst det konfirmantgruppe i Sogndal, der mellom 15 til 30 konfirmantar samlast. I januar vert konfirmantane sendt på konfirmasjonsleir på United World College i Fjaler. 

Til toppen