OPPGRADERT: Etter at det først vart usemje om tildelinga, har fylkeskommunen no snudd og gitt oppdraget med å oppgradera tre tunnelar i Årdal til Bertelsen & Garpestad.
OPPGRADERT: Etter at det først vart usemje om tildelinga, har fylkeskommunen no snudd og gitt oppdraget med å oppgradera tre tunnelar i Årdal til Bertelsen & Garpestad. (Foto: Truls Grane Sylvarnes/arkiv)

Fylket snur etter dom, gir tunneloppdraget til ny entreprenør

Entreprenør frå Rogaland skal oppgradera tre tunnelar i Årdal.

Årdal: Sjølv om rogalandentreprenøren Bertelsen og Garpestad leverte det billigaste tilbodet, var det Flage Maskin som i februar fekk oppdraget med å oppgradera Finnsåstunnelen (2412 meter), Steggjatunnelen (1549 meter) og Kolnostunnelen (658 meter) i Årdal.

Rogalendingane klaga på tildelingsvedtaket, og i mai gav Bergen tingrett dei medhald i at dei var kvalifiserte for oppdraget. I eit brev til dei seks tilbydarane opplyser fylkeskommunen onsdag at dei dermed gjer om tildelinga.

– B&G vert med dette tildelt kontrakten i anbodskonkurransen, skriv fylkeskommunen i brevet.

Veier24 var dei første til å melda om snuvendinga.

Etter planen skulle arbeidet ha teke til før sommaren, men prosjektet er no utsett. Fylkeskommunen tek sikte på å inngå kontrakt med Bertelsen & Garpestad i slutten av august.

Til toppen