STOR DAG: Gründer Kjetil Russenes kunne fredag feire at selskapet er på beina og kaffibønnene klare for sal. Med seg på satsinga har han solid støtte frå Innovasjon Norge. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Fylkets første kaffibrenneri feira kickoff

Det er eitt år sidan han sat ved bålet og tanken slo han: «Kva om eg startar eit kaffibrenneri i Sogndal?». I dag, fredag, skjedde det.

Sogndal: – Eg har stressa litt i det siste for å få alt på plass i tide, men no er det berre kjekt, Kjetil Russenes, som på lanseringsdagen tok rolla som både salsperson og som barista bak skranken.

Med seg hadde han fem ulike sortar som publikum kunne få smake, eventuelt kjøpe med seg heim.

– Det er spanande og uvant, men kjekt å vere i gang og sjå at folk set pris på det du har skapt, seier Russenes.

NOKO FOR EIN KVAR: Budeia, Sognakrut og Drengen er nokre av smakane Sognefjord kaffibrenneri kan by på. 
NOKO FOR EIN KVAR: Budeia, Sognakrut og Drengen er nokre av smakane Sognefjord kaffibrenneri kan by på. 

Store planar, på lang sikt

Gjennom fleire gründerbloggar på Porten.no har Kjetil Russenes fortalt om livet på innsida av ei bedrift i oppstartsfasen. Les meir om bloggen her.

Kaffibrenneriet er ikkje mindre enn det første i fylket. Produkta skal i første omgang selgast frå kafèen på Dampskipkaien nede ved fjorden, men òg hotell, restaurantar og kafear står på kundelista.

Prøveproduksjonen vart brent i Oslo, men i august skal det nye kaffibrenneriet stå klar, om alt klaffar. På sikt kan det òg bli aktuelt med ein brennerikafè og kaffiutsal i tilknyting til produksjonen.

– Men det er noko som eg må ta seinare, for no har eg det enormt travelt berre med å få på plass dei grunnleggande tinga, seier Russenes.

STARTEN: Her, under Fjellsportfestivalen i Sogndal i februar, pitcha Russenes idèen om eit kaffibrenneri for første gong.
STARTEN: Her, under Fjellsportfestivalen i Sogndal i februar, pitcha Russenes idèen om eit kaffibrenneri for første gong. Foto: Halvor Farsund Storvik

Bratt læringskurve

Då idèen kom til han den gongen ved bålet hadde han ikkje anna kunnskap enn at han var litt over snittet interessert i kaffi. Han har dermed måtta bruke mykje tid på å tileigne seg kunnskap om faget, samstundes som han har vore travel gründer.

– Eg har reist mykje rundt, deltatt på kurs og opplæring, har fått ein læremeister i kaffibrenning, eg har forska sjølv og styra på. Så læringskurva har vore veldig bratt, seier Russenes.

Tidlegare i juli vart det klart at Innovasjon Norge støttar prosjektet med ein halv million kroner. Då vart det lottostemning i heimen.

– Eg holdt på å sprekke og gjekk i sirklar rundt i stua. For eg hadde så store forventningar.

Konkursnervane fordufta

Pengane gjorde at han kunne kome kjapt i gang med planane han hadde lagt. Samstundes var den første krisa avverga, for som student er det grenser for kor sterke finansielle musklar du kan flekse.

– Det å uroe seg for å få endane til å møtast er ikkje noko godt utgangspunkt for å skape noko. Men når du har den tryggleiken i botn, så er det fantastisk deilig. Då treng eg ikkje å uroe meg for konkursen dei neste ti månadane, i alle fall, seier Russenes.

Det tek tid å byggje opp eit selskap frå ingenting og det tek tid før du kan tene pengar på det. Men kaffigründaren frå Sogndal ser likevel lyst på framtida på lanseringsdagen.

– Det er ikkje noko gullgruve frå dag èin å starte opp si eiga bedrift, men det kan bli ein arbeidsplass av det etter kvart, og ikkje berre for meg sjølv, trur eg. Men då tek det tid, seier han.

Til toppen