FESTIVALLIV: Norske festivalar kan by på alt frå musikk og moro til kultur og ny kunnskap. Her blir det dansa under den årlege Seljordfestivalen. (Foto: Paul Sigve Amundsen / NTB scanpix)
FESTIVALLIV: Norske festivalar kan by på alt frå musikk og moro til kultur og ny kunnskap. Her blir det dansa under den årlege Seljordfestivalen. (Foto: Paul Sigve Amundsen / NTB scanpix)

Fyll sommaren med festivalar

Sommaren kan by på festivalar både til vanns, til lands og til fjells. Og det finst langt meir enn musikkfestivalar å velje blant.

Sogn: – Perioden frå mai til september er høgsesong for festivalar, seier dagleg leiar for Norske festivalar Anders Rykkja. Organisasjonen representerer rundt 75 av festivalane i landet, to tredelar av dei er musikkfestivalar. Men Noreg kan by på eit større festivalmangfald enn som så, tilbodet i sommar omfattar alt frå morellfestival til «hestival».

– Totalt er det rundt 900 festivalar i Noreg. Mengda har auka mykje dei siste 15– 20 åra. Mange av dei er på stader der det elles er vanskeleg å lage større arrangement, seier Rykkja.

At nesten alle byar og bygder vil ha sin eigen festival, er ei av årsakene til at Noreg har blitt «landet med dei tusen festivalane».

– Ei viktig forklaring på at vi har så mange festivalar her i landet, er at dei fleste er små og lokale. Dei er ikkje drivne av eit ønske om økonomisk gevinst, men av å skape noko for lokalmiljøet, seier professor i sosiologi ved NTNU Aksel Tjora. Han har vore redaktør for boka «Festival! Mellom rølp, kultur og næring».

– Festivalane er gjerne knytt til det lokale kulturmiljøet. Ein del er rotfesta i bygdekultur. Før kalla ein det gjerne bygdedagar: Nokre ekstra festlege dagar då det er mykje liv og røre i bygda, seier han, og opplyser at talet på festivalar ser ut til å ha flata ut, medan talet på besøkjande har auka.

– Folk er nok blitt flinkare til å oppsøkje dei tilboda som er. Samtidig har festivalane blitt flinkare til å tilpasse seg eit breiare publikum, med aktivitetar for både barna og dei eldre, seier han.

Lyst til å besøkje ein festival i sommar? Her er nokre av moglegheitene:

* Norsk fjellfestival i Romsdalen, 10.– 17. juli: Norsk Fjellfestival blir i år arrangert for 18. gong. Forutan eit stort tilbod av felles fjellturar kan festivalen blant anna by på ulike foredrag, bryggjedans og kurs om tema som utandørs matlaging, fotografering, klatring og havpadling. Barna har sjølvsagt også tilbod om eit breitt spekter av aktivitetar. Les meir: Norsk-fjellfestival.no

Artikkelen held fram under biletet.

FJELLFESTIVAL: Norsk fjellfestival i Romsdalen er ein av fleire fjellfestivalar i Noreg. Her kan du blant anna gå på felles fotturar.
FJELLFESTIVAL: Norsk fjellfestival i Romsdalen er ein av fleire fjellfestivalar i Noreg. Her kan du blant anna gå på felles fotturar.

* Skalldyrfestivalen i Mandal, 10.– 14. august: Skalldyrfestivalen er ein tradisjonsrik matfestival der heile Mandal sentrum blir stengt og gir rom for eit yrande folkeliv. Her kan du ete god sjømat og gå på konsertar. Heile Bryggegata er fylt med restauranttelt, og sentrum byr på musikk, tivoli, utstillarar og nattopne butikkar. Les meir: Skalldyrfestivalen.weebly.com

* Karlsøyfestivalen 5.– 10. juli: Karlsøyfestivalen i Nord-Troms kallar seg ein fest for og ei feiring av alle positive motkrefter. Den skal vere ei markering av motstand mot eit samfunn der dei viktigaste verdiane er lønsemd, konkurranse og grådigheit. Her kan du delta på ulike seminar og workshops, få med deg konsertar og ete gratis middag frå folkekjøkenet. Festivalen har også sin eigen familiecamp. Les meir: Karlsoyfestivalen.wordpress.com

Artikkelen held fram under biletet.

SKALDYRFEST: Bryggegata i Mandal er full av liv under Skalldyrfestivalen.
SKALDYRFEST: Bryggegata i Mandal er full av liv under Skalldyrfestivalen.

* Dyrsku'n i Seljord, 9.– 11. september: I heile 150 år har det vore dyrskue i Seljord, og i år er det dermed duka for jubileumsfeiring av eitt av Noregs største og eldste arrangement. Husdyrutstillinga står framleis sentralt, men det er også utstillingar av husflid og handverk, skogsdrift og anna knytt til landbruk og bygdeliv. I tillegg er Dyrsku'n blitt ein viktig møteplass med underhaldning og ulike aktivitetar. Les meir: Dyrskun.no

* Hestivalen i Savalen, 26.– 31. juli: Hestivalen i Savalen på Tynset har blitt ei årleg hending for hesteinteresserte folk, først og fremst dei som likar å bruke hesten på tur. Forutan rideturar kan Hestivalen blant anna by på lavvofest, lassokasting, hesteskokasting og hesteflettekonkurranse. Les meir: Hestivalen.no

* Morellfestivalen i Hardanger, 28.– 31. juli: Sentrumsområdet på Lofthus i Hardanger dannar kulissane for Morellfestivalen. Det største trekkplasteret er NM i morellsteinspytting, der både små og store har finpussa på spytteteknikken før den store dagen. I tillegg blir det ulike show, konsertar og salsbuer. Les meir: Morellfestivalen.no

* Tankeranglingfestivalen i Hedalen, 28.– 31. juli: Festivalen er inspirert av Arne Næss' «rangling» i både fjell og tankar. Tankeranglingfestivalen skal vere ein møteplass for menneske som vil tenkje, samtale, leike og oppleve. Gjennom dialogar, foredrag, naturopplevingar og fordjuping i utvalde tema skal festivalen bidra til å byggje nettverk og relasjonar mellom menneske på tvers av alder, kultur, religion og sosial plattform. Les meir: Tankeranglingfestivalen.no

* Gladmatfestivalen i Stavanger, 20.– 23. juli: Gladmat kallar seg den leiande matfestivalen i Norden og skal skape ein møteplass for forbrukarar og foredlarar av mat. Her kan du smake på både nisjeprodukt og oppleve det siste innan mattrendar. Les meir: Gladmat.no

* Ålesund Båtfestival, 13.– 16. juli: Arrangøren kallar festivalen ein viktig maritim festival og ein ramsalt folkefest for byfolket og dei besøkande. Festivalen har tilbod for både små med både utstillarar, konsertar, underhaldning og aktivitetar. Les meir: Batfestivalen.no

Artikkelen held fram under biletet.

IVAR AASEN: Dei nynorske festspela blir kvart år arrangert i Ørsta og Volda. Her frå opninga i fjor.
IVAR AASEN: Dei nynorske festspela blir kvart år arrangert i Ørsta og Volda. Her frå opninga i fjor.

* Dei nynorske festspela, 23.– 26. juni: Festspela går føre seg på Ivar Aasen-tunet og andre stader i Volda og Ørsta og er ei årleg mønstring av nynorskorientert kultur, representert med alt frå litteratur og nynorskhistorie til musikk og biletkunst. Programmet består blant anna av opplesingar, litteratursamtalar, språkdebattar, prisutdelingar, konsertar og kunstutstillingar. Les meir: Festspela.no

* Norsk laksefestival i Surnadal, 23.– 26. juni: Laksefiske står sjølvsagt i sentrum, med blant anna fiskekonkurranse med 30.000 kroner til vinnaren. Same sum går til den som vinn det tradisjonsrike andeløpet: Eit tresifra tal badeender blir kasta i elva Surna, den som «sym» raskast vinn. Festivalen kan også by på konsertar, show og anna underhaldning. Les meir: Norsklaksefestival.no

* Seljordfestivalen, 6.– 10. juli: Seljordfestivalen blei tidlegare kalla Dansebandfestivalen i Seljord, og kan framleis by på mykje dansbar musikk. Av andre aktivitetar kan ein nemne humorshow, dansekurs, kurs i ølbrygging og fjellturar. Les meir: Seljordfestivalen.no

Artikkelen held fram under biletet.

EKSTREMSPORT: Ekstremsportveko har vore arrangert sidan 1998, og har utvikla seg til ein aktivitetsfestival der både små og store kan delta.
EKSTREMSPORT: Ekstremsportveko har vore arrangert sidan 1998, og har utvikla seg til ein aktivitetsfestival der både små og store kan delta.

* Ekstremsportveko på Voss, 26. juni– 3. juli: Ekstremsportveko er eitt av dei største ekstremsportarrangementa i verda. I tillegg til å vere ein sportsfestival med konkurransar for profesjonelle utøvarar, er det også ein musikkfestival og aktivitetsfestival. Her kan både barn, ungdom, vaksne og eldre prøve seg på ulike friluftsaktivitetar av meir og mindre ekstrem karakter. ekstremsportveko.com

* Tomatfestivalen på Finnøy 19.– 21. august: Kvart år ser ein bilete av den elleville tomatfestivalen i Spania, men også Finnøy har sin eigen tomatfestival. På Finnøy blir det dyrka mest tomatar i heile landet, og festivalen har fagleg vekt på tomatar i tillegg til underhaldning og aktivitetar for store og små. Les meir: Tomatfestivalen.no

Til toppen