Fyllingen tapte – Jotun rykker ned

Fyllingen tapte – Jotun rykker ned

Fyllingen klarte ikkje å gjere jobben sin i opprykkskampen mot Volda. Dermed blir det 3. divisjon på Jotun neste sesong.

Det er klart etter helgas kvalifiseringskampar i Voldahallen. Gjøvik og Grane Arendal sikra begge ein plass i 1. divisjon i går etter å ha toppa sine puljer. 

Volda og Fyllingen blei høvesvis nummer to i sine puljer og spelte søndag rein opprykksfinale. Sistnemnte hadde også fleire supporterar i Indre Sogn.

Jotun var som kjend heilt avhengig av Fyllingen-suksess denne helga for at dei raude og grøne skulle sikra ny kontrakt i 2. divisjon etter å ha kome nest sist i avdelinga med berre NHHI bak seg på tabellen. Men Fyllingen klarte ikkje å innfri og tapte 27-34.

Har arbeid å gjere

Jotun-trenar Olafur Sveinsson var på plass i Voldahallen og har fulgt kampane frå tribuneplass i helga.

– Eg sit med dei same tankane som eg har hatt i ein månads tid. Det må gjerast arbeid når det gjeld rekruttering. Det er der det sit. Me kan snakka opp i skyene når det gjeld seniorlag, men det hjelper lite utan rekruttar og arbeid nedover i rekkene, seier ein tydeleg roleg islending til Porten.no berre minuttar etter at kampen er over. 

Artikkelen held fram under biletet.

STORTAP: Fyllingen hadde ingen sjanse på siger mot Volda og tapte stort i Voldahallen. Skjermdump: Nærnett.no.
STORTAP: Fyllingen hadde ingen sjanse på siger mot Volda og tapte stort i Voldahallen. Skjermdump: Nærnett.no.

Det er tydeleg at Sveinsson var førebudd på det verste. Han fortel at då trenarane diskuterte dagens kamp i går, var alle einige om at dette kom til å gå Voldas veg. 

Fokuserer på klubben

No er spørsmålet kva Jotun set seg ned for å diskutere. Sveinsson seier klubbstyret og han ikkje har hatt møte om situasjonen endå, men fortel at styret skal møtast i laupet av neste veke. Det er allereie klart at sportsleg leiar Torstein Kvam gir seg. 

– Er du redd for at du også må vike plass?

– Eg er ikkje redd for det eine eller det andre. Eg er mest oppteken av kva klubb og organisasjon tenker seg med handballen. Det er litt meir der tankane mine sit, seier Sveinsson, som har eit år igjen av kontrakten sin.

Artikkelen held fram under biletet.

IKKJE REDD: Torstein Kvam har sagt at han gir seg i styret etter denne sesongen. Olafur Sveinsson seier han ikkje er redd for om han også må vike plass. Arkiv
IKKJE REDD: Torstein Kvam har sagt at han gir seg i styret etter denne sesongen. Olafur Sveinsson seier han ikkje er redd for om han også må vike plass. Arkiv

– Om ein fullfører den eller finn seg noko anna, vil tankane alltid liggja på at Jotun må satsa på rekruttering, og då spelar det ingen rolle om det er meg eller andre. Namn eller person må ikkje vere poenget eller det som er viktig, men jobben som blir gjort, held han fram.

Toppen av kransekaka

Det var fleire faktorar som måtte gå Jotuns veg for at plassen skulle reddast. Blant anna måtte Viking og Rebecca Brun Steinheim halde seg i 1. divisjon. Det klarte dei, og då gjenstod det berre at Fyllingen rykka opp i dag.

Men etter det som mildt sagt har vore ein trøblete sesong for laget frå Årdal, stod det nesten skreve i stjernene at det ikkje skulle gå vegen denne gongen heller. 

– Eg har ikkje tenkt slik i det heile. Eg har vore realistisk sett i forhold til det spelarmaterialet me har hatt i ein halv sesong og ikkje lagt press på meg sjølv eller spelarane om å overgå seg sjølve. 

– Då må en berre vera jordnær og ikkje lata som om ting kan skje som i grunnen ikkje er reelle. Eg har vore på jorda heile vegen og ikkje hatt tankar om det. Eg har sagt at eg skal venta å sjå kva som blir resultatet og ta det derifrå, seier han.

Porten.no har ikkje lykkast å nå sportsleg leiar Torstein Kvam søndag føremiddag.

Til toppen