VARSLA: Med eit digert bål på elvegranden ved Hauge gard i Lærdal varsla 30 lokale bønder om alvorlege konsekvensar dersom ikkje den nye landbruksmeldinga blir kraftig revidert. Foto: Ole Ramshus Sælthun
VARSLA: Med eit digert bål på elvegranden ved Hauge gard i Lærdal varsla 30 lokale bønder om alvorlege konsekvensar dersom ikkje den nye landbruksmeldinga blir kraftig revidert. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Fyrde opp varselbål for å motverka landbruksdød

Bønder og støttespelarar i heile landet protesterte mot regjeringa si nye landbruksmelding med bål- eller vardebrenning tysdag. Med eit gigantisk bål på elvegranden i Lærdal utviste lokale bønder si misnøye.

Lærdal: – Vardebrenning var eit varselteikn som vart brukt før i tida. Så me fyrer opp i dag for å varsla mot den nye landbruksmeldinga, seier leiar i Lærdal bondelag, Njål Kaardal Golf.

VISER MUSKLAR: Landbruket ved leiar i Lærdal bondelag, Njål Kaardal Golf.
VISER MUSKLAR: Landbruket ved leiar i Lærdal bondelag, Njål Kaardal Golf.

30 bønder frå Lærdal og nabobygdene møtte opp til den lokale utgåva av den nasjonale bålaksjonen. For den nye landbruksmeldinga til regjeringa med landbruksminister Jon Georg Dale i spissen treff jordbruket på Nordvestlandet og i Sogn særskild hardt: 

– Dette går ikkje gjennom, det er difor me står her og markerer oss. Me kan ikkje tenkja at dette går gjennom, for då står småteigane her i distriktet attgrodd - dei mindre gardsbruka i Sogn og Fjordane vil ikkje vera drivverdige på sikt og til slutt bli lagde ned, seier sauebonde Ole Bjarne Hovland frå Årdal.

– Rasering av distriktsjordbruket

Ei landbruksmelding trekkjer opp dei store linjene for landbrukspolitikken, medan detaljane blir lagde gjennom jordbruksoppgjera på våren.

Den norske landbruksmodellen er i korte trekk fundert på marknads- og støtteordningar som gjer det lønsamt å driva med visse produksjonar i visse områder av landet og andre produksjonar i andre deler av landet. Og ordningane gjer det mogleg å driva mindre, meir tungdrivne bruk.

Får marknadskreftene herja fritt, vil det bli ein vesentleg meir einsidig produksjon og berre dei delene av landet med store, samanhengande jordbruksareal vil faktisk bli nytta til jordbruk. Og det er ei slik retning den nye landbruksmeldinga legg opp til, meiner sognabøndene.

Les også: Bøndene la trykk på ministeren

– Det er ei rasering av distriktsjordbruket om ein går den linja ut som denne meldinga legg opp til. Dei vil ta vekk marknadsordningane som er på egg, gris og geit, noko som gjer at desse produksjonane blir sentraliserte. Då blir det vanskeleg å driva jordbruk her i distriktet. Og vil ein vil ta vekk samvirket som gjer at me bønder står sterkt i lag, held Hovland fram

– Me kan ikkje bli større her ute i distriktet. For det ligg nokre avgrensingar her; me kan ikkje utvida når me møter fjellet, seier grønt- og sauebonde Kari Sigrun Lysne, som også tykkjer det står fint lite om grønt i meldinga, trass i at dette skal vera eit satsingsområde.

– Turistnæringa bør vakna

– Bryr folk flest seg om dette?

– I distrikta trur eg dei fleste bryr seg om det. Og turistnærtinga burde i alle fall vakna. Fordi dette vil føra til attgroing i Geirangerfjorden, Sognefjorden og Nærøyfjorden; utan jordbruket her i distriktet blir det heller ikkje beiting i utmarka rundt fjordane, seier grøntbonde Per Hjermann jr.

– Kan det tenkjast at det ligg mykje taktikk i dette frå regjeringa sitt hald; at ein legg opp til flest mogleg punkt som inneber sentralisering av jordbruket så det blir ein forhandlingssituasjon og bøndene må godta noko av det?

– Mest truleg; får dei gjennom litt av dette går det jo i den retninga. Heile politikken går jo i blåblå retning, seier mjølke-, storfe- og potetbonde Jens Reidar Ljøsne.

Artikkelen held fram under biletet

FEKK FYR: Etter litt plunder fatna det skikkeleg i pallane under ein stjerneklar himmel denne kalde januarkvelden.
FEKK FYR: Etter litt plunder fatna det skikkeleg i pallane under ein stjerneklar himmel denne kalde januarkvelden.

– Skal slåss for kvart punkt

– Det er ikkje til å legga skjul på at me i Sogn og Fjordane ville senda heile landbruksmeldinga i retur, men ein meinte sentralt at det ikkje var lurt. Så då blir det å slåss for kvart punkt. Det er jo eit val til hausten, og ein får håpa det går an å få til noko mot neste jordbruksoppgjer att. Men til dette oppgjeret blir det ein kamp, legg Hovland til.

Etter litt plunder får også lokallagsleiar Kaardal Golf skikkeleg fyr på bålet så elvegranden ved Hauge Gard lyser opp. 

– Me må ta vare på kvar kvadratmeter matjord i dette landet, det blir jo ikkje behov for mindre mat i tida som kjem. Me har god tru på at me med ei slik markering får med oss dei me treng for å få stoppa dette, avsluttar Hovland.

Til toppen