Fyrste fisk fanga med kameraovervaking

Rett før helga sumde ein stim med sjøaure forbi kamera til Norsk villaksenter. Dette er den første fisken registrert med den nye videoovervakinga i Lærdalselvi.

Lærdal: Tysdag starta stiftelsen Nasjonalt villakssenter opp med videobasert bestandsovervaking i Lærdalselvi. Dette for å få betre kunnskap om laksebestanden i lakseelva.

– Dette er dei fyrste bileta teke med dei nye overvakingskameraene. Dei viser ein stim på mellom 40 og 50 blenkjer på veg opp elva, seier leiar av Nasjonalt villakssenter, Alf Olsen jr.

Blenkjer er umoden sjøaure. Eksemplara i videoen er mellom 0,5 og 1 kilo.

– Dette er neste års fangbare generasjon, fortel Olsen.

Til toppen