MATTEBINGO: Skulane som har delteke i ASK-studien, som her ved Trudvang skule i Sogndal, melder om ei rekkje positive effektar av aktiv læring, som betra humør og sosiale ferdigheiter, som ikkje alle har late seg påvise i sjølve studien.       
MATTEBINGO: Skulane som har delteke i ASK-studien, som her ved Trudvang skule i Sogndal, melder om ei rekkje positive effektar av aktiv læring, som betra humør og sosiale ferdigheiter, som ikkje alle har late seg påvise i sjølve studien.       

Fysisk aktivitet gjer dei svakaste elevane flinkare i matte

Det er fleire måtar å lære gangetabellen på. Mattebingo har vist seg å vere ein av dei meir effektive.

Sogndal: ASK står for «Active Smarter Kids» og er ein studie gjennomført av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Målet var å finne samanhengen mellom fysisk aktivitet og læring. Heile 58 skular og over tusen elevar i Sogn og Fjordane vart følgde gjennom eit heilt år, noko som gjer studien til den største i sitt slag, også internasjonalt.

STOR STUDIE: Øystein Lerum ved Høgskulen i Sogn og Fjordane seier at filosofien bak fysisk læring har byrja å bre om seg i det norske skulelandsskapet. 
STOR STUDIE: Øystein Lerum ved Høgskulen i Sogn og Fjordane seier at filosofien bak fysisk læring har byrja å bre om seg i det norske skulelandsskapet. 

No er dei første resultata klare. Eitt av funna er at dei dårlegaste matteelevane får vesentleg framgang når læringa blir flytta ut av klasserommet.

Les også: Ny master i medvind

Elevane frå fylket er for aktive

Øystein Lerum har jobba som vitskapleg assistent ved prosjektet. Han forklarer at metoden har tre komponentar: fysisk læring, aktivitetspausar og aktiv heimelekse. Den fysiske læringa har fått størst merksemd og går enkelt sagt ut på å flytte delar av undervisinga utandørs. Ved hjelp av mattebingoar, glosestafettar og oppgåveløyper kan elevane få repetert stoff dei allereie har gått gjennom i klasserommet, samstundes som dei både får frisk luft og løfta kvilepulsen eit par hakk.

UTETIME: Aktiv undervising utandørs er ein viktig del av ASK-metoden. Elevane kan repetere til dømes gangetabellen ved hjelp av stafettar eller andre kreative påfunn.
UTETIME: Aktiv undervising utandørs er ein viktig del av ASK-metoden. Elevane kan repetere til dømes gangetabellen ved hjelp av stafettar eller andre kreative påfunn.

– Det er eigentleg berre opp til lærarane og elevane kva som blir begrensingane for kva dei kan finne på, seier Lerum.

Sjølv om studien viser at denne metoden gir ein klar klar framgong for dei svakaste matteelevane, seier Lerum dei ikkje greier å finne nokon effekt på læringa for elevane sett under eitt. Årsaka til dèt trur dei er at elevane i Sogn og Fjordane rett og slett er for aktive.  

– Utgangspunktet var at forsøksskulane skulle vere meir aktive enn skulane i kontrollgruppa. Det viste seg å vere svært liten forskjell. Dermed forsvann premisset for å måle endring, seier Lerum.

For forskarane bak er det likevel ikkje nokon stor nedtur. Ikkje minst på grunn av responsen frå skulane som har prøvd det ut. 

– Tjueseks av dei tretti skulane som var med vel å halde fram med denne modellen, fordi dei ser det fungerer i deira kvardag. Det tykkjer vi er veldig kjekt, seier Lerum.

Sprer seg som eld i tørt gras

Samstundes presenterer dei no berre hovudresultata. Etter kvart vil dei kome med fleire funn. Mellom anna har dei fire stipendiat i prosjektet som jobbar med å sjå på korleis fysisk aktivitet spelar inn på ting som trivsel og helse.

– I tillegg skal vi ikkje gløyme dei erfaringane skulane sjølve sit att med. Lærarane melder om at elevane samarbeider betre, dei utvikler sosial kompetanse, får ein meir variert kvardag, dei får vere ute i frisk luft, det blir betre humør og trivsel, og det blir eit betre læringsmiljø i timen etterpå. Dette tenkjer eg er viktige aspekt å ta med, seier Lerum. 

ASK-prosjektet har fått stor merksemd både i inn- og utland. Fleire og fleire skular har byrja å eksperimentere med den same grunntanken. Eitt eksempel er Drammen der bystyret har innført ein time fysisk aktivitet kvar dag i skulen. Stadig fleire følgjer etter. 

– Det har blitt ei grasrotrørsle, seier Lerum.

Les også: Hallén vert styreleiar for den nye høgskulen

Til toppen