KONTROLL: Marte Rinde, Mathias Hansen, Sigrid Rio og Lasse Løvdahl har kontroll på loppemarknaden til 2STA. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KONTROLL: Marte Rinde, Mathias Hansen, Sigrid Rio og Lasse Løvdahl har kontroll på loppemarknaden til 2STA. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Gå på jakt etter skjulte skattar på loppemarknad

I helga inviterer 2STA ved Årdal vidaregåande skule til loppemarknad i kantina på skulen, og her kan ein heilt klart finna skjulte skattar.

Kvart år arrangerer andreåret ved studiespesialiserande på Årdal vidaregåande skule loppemarknad. I år, som i fjor og åra før der, skal pengane gå til studietur til Berlin til våren.

– Der skal me besøka konsentrasjonsleirar og slott og oppleva mykje, seier ein av elevane Marte Rinde til Porten.no.

Fredag 17.00 opnar dørene, og det er ingen tvil om at årdølene har mykje dei vil gi vekk.

– Me har samla inn lopper sidan slutten av september. Kvar onsdag har me sete i kantina og teke imot, seier Sigrid Rio.

– Me har fått inn ganske mykje. Me har fylt to-tre rom, så me er har nok lopper for å seia det sånn, smiler Lasse Løvdahl. 

Artikkelen held fram under biletet.

MANGE LOPPER: 2STA har fått inn enormt med lopper til årets loppemarknad.
MANGE LOPPER: 2STA har fått inn enormt med lopper til årets loppemarknad.

Konkurranse

I år har den loppemarknaden fått litt konkurranse etter at Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter starta opp baserer seg på mykje av det same konseptet.

Men det har ikkje hatt mykje å seia for innsamlinga.

– Me var litt redde for det i starten, men no ser me at me har fått inn like mange lopper som dei i fjor, så eg trur ikkje det har hatt noko å seia, legg Rinde til, og ramsar opp klede, sko, pyntegjentstandar og møblar som noko av det dei har teke inn.

Skjulte skattar

Og sjølv om det er mykje rart som berre går rett i søppelet, er det også nokre skjulte skattar å finna.

Artikkelen held fram under biletet.

SKJULTE SKATTAR: Kanskje finn du nokre skjulte skattar på loppemarknaden.
SKJULTE SKATTAR: Kanskje finn du nokre skjulte skattar på loppemarknaden.

– Eg har funne ein flott sofa, ein femsetar i skinn. Den håpar eg at me får selt til full pris. Og så har me nokon veldig flotte slalomski, som er nesten ubrukt. Dessutan har me fått inn ein elektrist leikemotorsykkel, og den må nokon kjøpa, for den er flott, fortel Løvdahl. 

Pengane går som kjend til skuletur, og i fjor var overskotet på 103 000 kroner. Og dersom ein ikkje har kontantar, er det inga unnskyldning.

– Me har bankterminal, seier Mathias Hansen. Mora hans jobbar nemleg i Indre Sogn Sparebank.

Kreative

Og dersom du ikkje finn noko du likar fredag, får du ein ny sjanse laurdag.

– Me lurer litt på å venta med å setja ut alt på fredag. Då kan me heller fylla på litt laurdag slik at det blir eit nytt utval.

Forutan loppemarknad skal klassen arrangera FIFA-turnering neste helg. Når det nærmar seg jul, skal dei også arrangera handballturnering 2. juledag. Dessutan kjem dei til å selja kaker og konfekt, slik klassane før dei har gjort i mange år, og ikkje minst arrangerer dei lokalfestar.

Takksame

Men først skal loppemarknaden gjerast unna, og dei fire takkar alle som har gitt dei lopper.

– Me vil takka alle saman. Me trudde det i byrjinga at dette ikkje ville gå like bra som i fjor, men me ser no at me har fått veldig masse fint, og me set pris på at dei vil vera med og støtta klasseturen, seier Rio.

På Facebook-sida finn du meir informasjon om loppemarknaden.

Til toppen