GÅVE: Glenn Morten Hestetun (midten) og Sognefjord Hamneservice AS tok på seg nisseoppdraget i år som i fjor, og gav ei gåve på 25.000 kroner til Norsk Folkehjelp Årdal.
GÅVE: Glenn Morten Hestetun (midten) og Sognefjord Hamneservice AS tok på seg nisseoppdraget i år som i fjor, og gav ei gåve på 25.000 kroner til Norsk Folkehjelp Årdal. (Foto: Sunniva Knutsen)

Ga tidleg julegåve til folkehjelpa i Årdal: - Bidreg til å oppgradera utstyr og kompetanse

I år som i fjor, gjekk Glenn Morten Hestetun, dagleg leiar i Sognefjord Hamneservice, inn i rolla som julenisse.

Årdal: – Som eit mangeårig medlem i folkehjelpen i Årdal, veit eg kor viktig arbeidet dei gjer er. Så i samanheng med jul ønskja eg og samarbeidspartnarane mine å gje ei gåve til eit godt føremål, seier Hestetun.

Kjell Arne Solheim, leiar i Norsk Folkehjelp Årdal, fortel at gåva er eit viktig bidrag. 

–Gåva er eit viktig bidrag til arbeidet vårt. Me driv stadig å oppgradera oss, både innan kompetanse og kva utstyr me brukar, seier han.

Ny redningsbil

Folkehjelpen i Årdal har nyleg kjøpt ein ny redningsbil, eit prosjekt dei har jobba for å finansiera over fleire år.

– Me har fått støtte frå mange lokale aktørar som har gjort det mogleg for oss å kjøpa denne redningsbilen, seier Fredrik Bjørk, leiar for beredskap.

No gjenstår det å gå til innkjøp av redningsutstyr som skal monterast i bilen. Blant anna lysutstyr, samband, navigasjonsutstyr, samt anna naudsynt redningsmateriell. Noko har dei, men noko må dei kjøpa. Dei er omlag 70 prosent i mål, seier han.

Kan endeleg fokusera på beredskapsarbeid

Norsk Folkehjelp Årdal består av omlag 250 medlemmar, der kring 25 er godkjente som mannskao. Dei er med på frivillig basis, det er ikkje løna arbeid. 

Solheim fortel at saniteten hittil har vore nøydd å jobba mykje på dugnad for å få inn midlar for å kunne arbeida med beredskap, i tillegg til dei frivillige timane dei brukar på å faktisk utføra sanitetsarbeid og beredskap. 

– Det er litt som eit slags dobbeltarbeid. Norsk Folkehjelp Årdal utfører årelg mange dugnadstimar for å finansiera vårt sanitet- og redningsarbeid. Når utstyret er på plass utfører medlemmane frivillig innsats i redningstenesta. Slike gåver er difor særs kjærkomne då men kan nytta meir av fritida vår på øving, seier Bjørk. 

Dei tre karane trekkjer fram at dei set stor pris på støtta dei får frå det lokale næringslivet og innbyggjarane.

Til toppen