Årdal: – Eg kunne ikkje seie noko til folk. So det var berre ein av gutane mine som visste om det, seier Gunvor Nordås.
Kven som hadde vunne prisen skulle vera hemmeleg fram til prisutdelinga i kommunestyret.
Evy Kleiva, på si side, kunne ikkje halda det heilt for seg sjølv. Ho måtte nemleg be om fri frå jobben for å koma til kommunehuset.
– Eg trudde ordføraren skulle leiga ungdomshuset når han ringde. Eg hadde ikkje tenkt at eg skulle få nokon pris, seier Kleiva.
Begge damene tykte det var ei hyggjeleg overrasking.
Årets årdøl vil ha med endå fleire på tur
– Eg er sikker på at det er medlemer i gålaget som har innstilt meg til årets årdøl. Eg dedikerer prisen til heile laget og seier som so at saman er me årets årdøler, sa Nordås til takk etter å ha fått blomar og diplom.
Ho fekk tittelen for å ha grunnlagt gålaget og fordi ho er limet i gruppa. I talen sa ordføraren at ho er ein flott leiar og ein god ambassadør for å få turglade folk med på laget.

Lægreid, som sjølv har vore med gålaget på tur, sa at trimmen og det sosiale samværet er viktig for folkehelsa.
I takketalen fortalde Nordås om folk i bygda som gler seg til å vera med på alle turane når dei vert pensjonistar.
Ho oppmoda òg kommunestyret om å verta med gålaget på turar.
Kulturprisvinnaren tok over stafettpinnen etter Arvid i Osadn
Evy Kleiva fekk prisen for alt arbeidet ho har lagt ned for å halda aktivitet i ungdomshuset og å ta vare på det.
I 2003 overtok ho etter Arvid Gulleik Øren som husstyrar. Ordføraren rosa ho for å vera både nevenyttig og ein dyktig administrator.

Kvart andre år sidan ho overtok har ho lakka tre strøk på golvet i huset. Ho har beisa alle innervegger i salen og i gangen. Ho har ansvaret for kjøkenet i huset og syter for kaffi og mat til styremøte og årsmøte.
Attpåtil kokar ho ei svær suppe kvar gong det er gladdans i bygda.
– Eg lagar betasuppa frå grunnen av, fortel Kleiva.
– Eg steiker opp kjøt, og so kokar eg svineknoklane eit par timar.
Sjølv om Kleiva har fått kommunen sin kulturpris, tenkjer ho ikkje å kvila på laurbæra:
– Me skal arrangera gladdans 20. januar og so vert det ein i mars og ein i april.
I året som gjekk fekk ungdomshuset inn 30.000 kroner på dei tre gladdansane og julebordet ho arrangerte. Ho står òg bak basarane og gjer det meste sjølv.
– Mannen min hjelper meg litt og so får eg hjelp av folk til å selja lodd, seier ho.
Å halda ungdomshuset ved like er ikkje lett med dei økonomiske rammene som ligg til grunn. Kleiva er takksam for alle støttemedlemene som bidreg med ein slant gjennom medlemsavgifta.