STOR GJENG: Gålaget i Årdal slo alle rekordar i talet på deltakarar denne sesongen. Her er gjengen samla på Horntind. Foto: Privat.
STOR GJENG: Gålaget i Årdal slo alle rekordar i talet på deltakarar denne sesongen. Her er gjengen samla på Horntind. Foto: Privat.

Gålaget slo alle rekordar i talet på deltakarar

«Hadde det ikkje vore for Gålaget, hadde eg aldri kome meg hit.». Den kommentaren er ikkje uvanleg etter ein av Gålaget sine mange turar.

Denne veka avslutta Gålaget i Årdal sin 8. sesong, og Gunvor Nordås seier tilbodet er like populært som alltid. 

– I år inneheldt turprogrammet vårt 24 turar, men som i fjor tykte alle at sidan haustvêret var så flott, måtte me halde fram med turane, fortel ho.

– Dermed var det «bygdevandring» fyrst i Øvre og så på Tangen, og til slutt ein tur til Vetti. 96 turgåarar deltok her slik at det samla talet i år slår alle rekordar med 1023 deltakrar. Med ei slik utvikling vil eg tru at me nærmar oss 10 000 når me feirer tiårsjubileum.

Gode tilbakemeldingar

Gålaget har no heldt stand i åtte sesongar, og i år har stadig fleire meldt seg på og blitt med ut på tur. Nordås seier dei gjennom Facebook får tilbakemeldingar frå heile landet om at dette er eit flott tiltak.

Heilt frå 23. april har det vore fast ein tur kvar onsdag. Den første gjekk til Øvre Ljøsne og Ljøsnaveiti.

– Jakop Vik var turleiar og kjendmann for 41 spente årdøler som ikkje hadde vore her oppe på platået tidlegare. Olav Wendelbo møtte oss, og me fekk ei historie og omsyning på Kapteinsgarden som me seint vil gløyma, held Nordås fram. 

Turen dei hadde flest deltakarar på var til Bergheim i Luster. Då var det 55 stykk som rusla opp til den gamle og fråflytta garden på 350 meter over havet.

Overnattingstur til Oset

Og slik har sesongen vore, full av opplevingar frå kraftstasjonen i Vindedal til Hugakollen i Vang. Dessutan var dei første gong til Sogndalsdalen og Fagreggi, og så var dei på overnattingstur på Oset på Goldsfjellet.

– Vertinna og dei tilsette gjorde alt for at dei 48 som var med skulle få eit flott opphald. Me fekk omsyning i Gildehallen og i kyrkja, og årdølene viste at dei kunne syngja då samtlege stemde i med «Lat oss leva for kvarandre», fortel turentusiasten. 

– Me gjekk fleire fine turar i terreng me er litt uvande med, og om kvelden var det dans. 

Opplevingane deler dei gjerne med andre som ikkje har like lett for å koma seg ut på tur.

– I mars og oktover hadde me ein ettermiddag på ÅBO der me viste film frå turane våre, serverte kaffi og hadde song og musikk, noko bebuarane sette stor pris på. 

Helseførebyggjande tiltak

No håpar Nordås at enda fleire vil melda si interesse i Gålaget neste sesong.

– Årdal turlag har turar som er lette, litt tyngre, korte eller litt lengre turar. Me har som oftast med oss kjendfolk som kan fortelja om staden me skal til. 

– Me meiner dette er eit helseførebyggjande og sosialt tiltak, og me ønskjer at enda fleire vil slå følgje med oss. Me kan lova deg fine turopplevingar saman med ein flott turgjeng.

Til toppen