Gamal lauvskog må vike for industri

Hakkespettar har stogga utbygging på Kaupanger tidlegare, men denne gongen måtte naturverninteressene vike.

Kaupanger: Fredheim maskin og betong, forøvrig leverandør av betong til støypinga av den nye Loftesnesbrui, ønskjer å leggje til rette for ny næringstomt på industrifeltet på Kaupanger. Problemet er berre at på delar av området er det ein gamal lauvskog som er vurdert til å vere ein lokalt viktig naturtype.

Både Norconsult, som har laga detaljreguleringa, jordbrukssjefen i kommunen og Fylkesmannen meiner skogen må skjermast frå utbygginga i større eller mindre grad. Rådmann Jostein Aanestad tilrådde òg at delar av området skulle skjermast for å ta vare på skogen.

Men fleirtalet av politikarane i kommunestyret meinte at det ikkje var naudsynt. 

– Størsteparten av den verneverdige skogen ligg utanfor det regulerte området, så me skadar ingenting med dette vedtaket, meinte Einar Vatlestad i Høgre.

Eva Ramstad i Venstre minna opp dei berømte hakkespettane som i si tid stogga eit bustadprosjekt på Kaupanger. Ho meiner det er like tungtvegande argument i denne saka.

– Eg har ikkje mot utviding av feltet, det er berre bra at det blir meir aktivitet. Men eg meiner skogen har ein verdi som må vernast og det håpar eg verkeleg blir gjort.

I avstemminga var det berre dei to representantane frå SV som støtta den utvida vernesona og forslaget gjekk difor ikkje gjennom.

 

 

Til toppen