GAMALOST: Gamalosten stilte i klassen "Any cheese that cannot be placed in any other class".
GAMALOST: Gamalosten stilte i klassen "Any cheese that cannot be placed in any other class". (Foto: Privat )

Gamalost frå Vik fekk bronse i VM: – Veldig kjekt

Det seier meierisjefen i Vik, Øydis Kristine Flateby.

Vik/Bergen: I går deltok ho på VM i ost i Grieghallen i Bergen, og det var der gamalosten fekk bronse i klassen særeigne ostar.

– Det som skjer er at det står 3.500 ostar, frå 42 nasjonar, plassert i Grieghallen på ulike bord. Ostane er anonymisert, og dommarar dømmer dei topp tre beste ostane på kvart bord. Vår ost fekk dermed bronse innanfor sin klasse.

Dommarar frå heile verda 

Flateby fortel at dommarane er veldig kompetente.

– Dei kjem frå heile verda, og har mange år med erfaring innanfor ostedømming. Dei ser meir i ein ost enn det ein vanleg forbrukar vil gjera. Dei ser på både smak, utsjånad, og eigenskapar.

Sjølv stod ho på stand og delte ut smaksprøvar på gamalosten til dei som ville smake, og osten var det mange som tykte godt om.

– Dei generelle tilbakemeldingane, spesielt frå folk frå utlandet, er at dei går etter ein særskilt ost som ikkje kan samanliknast med nokon annan ost. Me hadde nokre italienarar som var heilt galne etter gamalosten, og det er veldig kjekt.

Håpar fleire får opp augene for osten 

Andre beskreiv gamalosten som interessant, fortel Flateby og ler. 

– Det er veldig mange eldre som likar osten og det er veldig bra, men me skulle gjerne fått fleire yngre til å lika den, både grunna smaken og eingenskapane til osten. 

No håpar ho at bronsemedaljen skal hjelpa til med å synleggjera osten for andre. 

– Me håpar dette gjer til at me kan bruka det i PR, og at fleire folk kan få opp augene for osten vår. 

Skal feira seieren 

Sjølv fekk ho ikkje høve til å smaka på så mange ostar, men fortel at dei siste åra har det kome mange nye, spanande ostar frå rundtom. 

– Eg høyrde om ein svart ost som smakte sitron, så det tykte eg var litt spesielt. Det er litt meir crazy ostar enn tidlegare, så veldig kult at me kom på tredjeplass innanfor vår klasse. Eg trur det har vore mange gode smaksopplevingar i Bergen desse to dagane. 

No skal ho feire seieren med kake.

– Eg trur kanskje me må ha ein liten feiring på meieriet. Eg gav beskjed til dei i går kveld om at det må bli noko kakefeiring i løpet av neste veka. Det tykkjer eg me fortener no. 

Til toppen