IDYLL: Etterkrigstida baud på både velstandsauke og lengre feriar, noko som la grunnlaget for hyttebruken til nordmenn. (Foto: Berit Roald / NTB scanpix)
IDYLL: Etterkrigstida baud på både velstandsauke og lengre feriar, noko som la grunnlaget for hyttebruken til nordmenn. (Foto: Berit Roald / NTB scanpix)

Gamle hyttetradisjonar

Hyttekulturen vår i dag vart skapt i etterkrigstida. Men han har røter i både bondeslit og borgarskapsmoro.

– Å dra på hytta har alltid vore knytt til ei kjensle av fridom, sjølv den gongen ein drog dit for å jobbe. Å dra til setra, koia eller rorbua representerte eit brot med kvardagen og ein fristad frå konvensjonane i byen eller bygda, seier etnolog og kulturhistorikar Arne Lie Christensen. Han er aktuell med boka «Ut i det fri. Livet på setra, hytta og landsstedet».

Ifølge Christensen er hyttekulturen i dag ei kryssing av to ulike tradisjonar: Bønder- og fiskarars sesongarbeid i koier, rorbuer og setrar, og dei velståendes pendling til sine luksuriøse landstadar.

Artikkelen held fram under biletet. 

KROPPSARBEID: I etterkrigstida var idealet at ein skulle gjere ting sjølv. Her høgg den tyske politikaren Willy Brandt og familien ved på ei hytte på Sjusjøen.
KROPPSARBEID: I etterkrigstida var idealet at ein skulle gjere ting sjølv. Her høgg den tyske politikaren Willy Brandt og familien ved på ei hytte på Sjusjøen.

– Allereie på 1600-1700-tallet hadde det norske byborgarskapet løkker og lyststadar utanfor byane der dei kunne dyrke mat og nyte dei landlege omgjevnadane. På 1700-talet vart dessutan borgarskapet påverka av romantikken med opphøging av ekte natur og det enkle livet på landet, fortel han.

Sjølv om overklassa idylliserte det naturlege og opphavlege, mangla det ikkje på luksus på landstadane.

– Livet på landstadane var langt frå noko enkelt hytteliv. Borgarskapet bygde store hus med flotte hagar, der ein tok imot gjester og arrangerte overdådige festar. Arbeidet var det tenarane som stod for, fortel han.

Frå seter til fritidsbustad

Sesongarbeid i koier, setrar og rorbuer er ei historie om mykje meir slit. Men også her kunne kjensla av fridom gjere seg gjeldande.

Artikkelen held fram under biletet. 

SETER: Setrane var forløparen til fritidsbustadar på fjellet. Her frå Hardangervidda på 1960-talet.
SETER: Setrane var forløparen til fritidsbustadar på fjellet. Her frå Hardangervidda på 1960-talet.

– I boka skriv eg om korleis budeiene følte «fjelltrong». Det handla ikkje nødvendigvis om at dei søkte mot naturen, men mot den fridomen livet på setra gav dei. Nede i bygda var det mennene som dominerte, på setra kunne kvinnene i større grad styre sjølve, fortel Christensen.

Tradisjonen med seterbruk strekkjer seg langt tilbake, kanskje heilt tilbake til den gongen jordbruket kom til Noreg. Å oppsøkje fjellet for turgåing og naturopplevingar derimot, vart først vanleg på 1800-talet.

Artikkelen held fram under biletet. 

FRILUFTSLIV: Ski- og turgåing for moro skuld kom inn i den norske kulturen på 1800-talet.
FRILUFTSLIV: Ski- og turgåing for moro skuld kom inn i den norske kulturen på 1800-talet.

– Frå midten av 1800-talet begynte turistane å vandre i fjellet. Etter kvart vart det vanleg å ta imot turistar på setra for bevertning og overnatting. Gradvis har setrar vorte lagt ned og bygningane i staden tatt i bruk som hytter, fortel han.

Det same har skjedd ved kysten: Husa til fiskarbøndene er blitt sommarhus, og rorbuer er blitt overnattingsstadar for turistar.

Artikkelen held fram under biletet. 

TURISTMÅL: Rorbuene vart bygde som sesongbustad for fiskarar, men er no ofte overnattingsstadar for turistar.
TURISTMÅL: Rorbuene vart bygde som sesongbustad for fiskarar, men er no ofte overnattingsstadar for turistar.

Nøktern i strikkejakke

Lenge var både mykje fritid og ei hytte å vere på i feriedagane eit privilegium reservert dei få. Men på 1900-talet skjedde store samfunnsendringar som la grunnlaget for den hyttekulturen vi kjenner i dag.

– Velferdsstaten tok form, og klasseforskjellane vart mindre. Åttetimarsdagen vart innført i 1919, og ein fekk tre veker lovfesta ferie frå 1948, noko som la grunnlag for det nye fritidssamfunnet, fortel Christensen.

Hyttebruken til tidlegare statsminister Einar Gerhardsen blir ofte trekt fram som sjølve symbolet på norsk hyttekultur og oss nøkterne nordbuarar.

– Gerhardsen la vekt på å leve enkelt på hytta. Han ville ikkje ha telefon, og tok imot utanlandske politikarar i dress iført strikkejakke, fortel Christensen.

Artikkelen held fram under biletet. 

GERHARDSEN: Statsminister Einar Gerhardsen blir ofte trekt fram som eit eksempel på den nøkterne norske hyttekulturen. Her kokar han kaffi på peisen med kona Werna og sonen Rune.
GERHARDSEN: Statsminister Einar Gerhardsen blir ofte trekt fram som eit eksempel på den nøkterne norske hyttekulturen. Her kokar han kaffi på peisen med kona Werna og sonen Rune.

Sidan har mange norske toppolitikarar latt seg intervjue og avbilde på si enkle fjellhytte, kanskje i eit forsøk på å stå fram som folkelege og ujålete. Og den enkle og heimesnikra hytta kunne då også lenge seiast å vere typisk norsk.

– Frå krigen og fram til 1970/80-talet var dei fleste hytter som vart bygde, forholdsvis små og enkle, med utedo og utan straum og vatn. Desse var ofte bygde på dugnad, med hjelp frå vener og familie, seier han.

Artikkelen held fram under biletet. 

FASILITETAR: Fram til 1970/80-talet hadde dei fleste norske hytter berre utedo og brønnvatn.
FASILITETAR: Fram til 1970/80-talet hadde dei fleste norske hytter berre utedo og brønnvatn.

Moderne hytteliv

Christensen har sjølv eit nært forhold til hyttelivet, og hans eigen landsstad ved Kragerø er eit godt bilete på utviklinga av norsk hyttekultur dei siste hundre åra.

– Huset var opphavleg eigd av ein fiskarbonde. Far min var lektor og kjøpte staden for å kunne vere der dei lange sommarferiane, fortel han.

Gjennom oppveksten til Christensen vart dagane på hytta fylt av praktisk arbeid som snikring, fisking og hagearbeid.

– Eg voks opp med idealet om at ein skulle gjere ting sjølv, seier han, som framleis er tilhengar av den enkle hytta.

– Når eg er på hytta, liker eg å reparere og halde på. Og er stolt over at eg framleis berre har utedo. Samtidig er også eg ein del av ei utvikling der fritidsbustadane blir stadig meir moderne: Om kvelden sit eg på den nybygde glasverandaen og skriv på PC-en og har både elektrisk lys og oppvarming, seier han.

Han meiner idealet om det enkle liv på hytta har tapt terreng.

– Ein del nybygde hytter er i dag nesten like store som hus og har alle fasilitetar. Og dei færraste snikrar i dag på hytta si sjølve, seier han.

– Det kan sjå ut som tradisjonen har gått frå jobbing til jogging – eg ser stadig vekk hyttefolk som joggar forbi, i staden for å halde seg i form med kroppsarbeid, seier han.

Artikkelen held fram under biletet. 

ROMSLEG: Dei nybygde hyttene i dag er ofte like store som hus.
ROMSLEG: Dei nybygde hyttene i dag er ofte like store som hus.

(UNDERSAK) Hyttevanar i dag

Ifølgje SSB er det i dag over 400.000 hytter i Noreg. Prognosesenteret analyserer jamleg hyttemarknaden, og partnar Bjørn Erik Øye avviser raskt myten om at den typiske norske hytta har blitt eit hyttepalass.

– Gjennomsnittsstorleiken på nybygde norske hytter auka frå rundt 60 kvadratmeter på 1980-talet, til 80 kvadratmeter på byrjinga av 2000-talet. Sidan har kurven flata ut, fortel han.

Han meiner det er eit paradoks at mange nye hytter i dag blir bygde i hyttebyar rundt alpinanlegg.

– Ifølge vår statistikk kjem nærleik til alpinanlegg nedst på prioriteringslista når folk skal kjøpe fritidsbustad, seier han. Straum, innlagt vatn, gode turområde, kort reiseveg og køyreveg heilt fram tronar øvst.

Artikkelen held fram under biletet. 

SKITUR: Den norske hyttekulturen er nært knytt til friluftsliv.
SKITUR: Den norske hyttekulturen er nært knytt til friluftsliv.

I snitt er vi 48 dagar på hytta i året, men det er ein klar samanheng mellom standard og talet på bruksdagar. Hytter med straum og vatn blir brukte mykje oftare enn hytter utan.

I ei undersøking Ipsos MMI gjorde for magasinet Hytteliv i 2014 svara 44 prosent at dei hadde hytte med både innlagt vatn og straum, 24 prosent hadde ingen av delane. Begge gruppene var derimot like godt nøgde med hyttestandarden. (©NPK)

Til toppen