FANTASTISK GJENG: Steinar Drægni, leiar for Frivilligsentralen i Årdal (til venstre i midten), seier han aldri har hatt det så gøy som han har det med gjengen på Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter. Foto: Ole Ramshus Sælthun
FANTASTISK GJENG: Steinar Drægni, leiar for Frivilligsentralen i Årdal (til venstre i midten), seier han aldri har hatt det så gøy som han har det med gjengen på Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Gamleskulen går så det grin

I løpet av september blir lagnaden til den unike brukthandelen avgjort.

Årdal: – Me fekk ein prøveperiode på to år. No er to år gått og det heile skal evaluerast saman med huseigar, kommunen, seier Steinar Drægni, leiar for Frivilligsentralen i Årdal.

På Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter yrar det av liv. Hardtarbeidande friviljuge og dei som treng ein ny start på arbeidslivet hastar att og fram mellom dei ulike avdelingane. Ein sit og oppdaterer facebooksida til Gamleskulen med varer dei har inne.

Kundar er det i alle avdelingar. To damer frå austlandet med hytte på Sletterust tittar på ymse servise. Ein lokal blar i boka "Gjerrigknarken. En håndbok".

Hadde trua - og to ting til

Slik har det vore sidan 23.august 2014. Då opna butikken. Uvissa var stor, fortel Drægni.

– Me hadde tre ting. Huset, oversyn over utgiftene og trua.

Trua på verksemda var ein ting. Trua på menneska det definitivt viktigaste.

– Dei som treng ein ny start på arbeidslivet jobbar til saman 8 500 timar her i året. Det er tunge løft, sveitten renn.

Menneske som av ulike årsaker har falle ut av eller utom arbeidslivet kan få ein ny start her. Nokre er rett og slett arbeidsledige, andre hatt vanskar med rus eller slite psykisk.

– Me har ein samtale med dei og finn ut kva dei kan jobba med hjå oss. Den viktigaste kapitalen her er den humane kapitalen. Me har ein fantastisk gjeng med svært stor samla kompetanse.

Artikkelen held fram under biletet

ULIKE AVDELINGAR: Gamleskulen er proppfull av ulike varer.
ULIKE AVDELINGAR: Gamleskulen er proppfull av ulike varer.

Etter kvart kan dei koma ut att i det ordinære arbeidslivet. 12 mennesker har gjort det gjennom Aktivitetssenteret i løpet av dei to åra som er gått. Drægni ramsar opp folk som har kome over språkbarrierar og fått jobb på Hydro, ein er vorten avløysar, ein annan tek no læretida for tunge køyretøy.

– Me er vorten ein aktivitetsbase det knapt finst maken til i heile fylket.

– Poenget for dei som skal ut att i arbeidslivet er at dei kjem inn i den strukturen arbeidslivet krev?

– Nettopp. Me har eit eige datarom her oppe der dei sit og byggjer CV-en sin. Arbeidsgivarar som er interesserte i nokon herifrå ringjer meg for å høyra kva skussmål eg kan gi. Eg gir ærlege og grundige skussmål. Det veit dei som arbeider her. Så dei står på.

Går kraftig i pluss

I tillegg jobbar det fleire friviljuge på Gamleskulen. Til saman i 3500 timar årleg.

– Dette er stort sett vaksne damer. Dei bestemmer alt rundt korleis butikken skal sjå ut.

Les også: Kjent i fylket for å gi både folk og ting ein ny start

Og det går ikkje berre godt for den humane kapitalen. Drægni ramsar opp den månadslege omsetnadsauken som har vore i høve i fjor. Det er pluss kvar månad. Kraftig pluss. Månader med auke på over 20, over 30 og over 40 prosent.

– Det går heilt vanvittig bra.

Han kastar om seg med ros. Skryt av eit svært godt samarbeid med NAV. Skryt av folk i heile Sogn som handlar på Gamleskulen. Ikkje minst skryt av det han omtalar som ein "botnlaus" givarvilje frå folk både i Årdal og bygdene rundt om.

– Me har tømt alt frå blokkleilegheiter til gardar. I går henta me ein heil salong, ein svær stol og eit flott TV-bord til 60-tommaren hjå ein.

Artikkelen held fram under biletet

GIVARVILJE: Ein "botnlaus" givarvilje har førd brukthandelen dit den er i dag.
GIVARVILJE: Ein "botnlaus" givarvilje har førd brukthandelen dit den er i dag.

Det fanst nokre som ville att Gamleskulen skulle rivast. Nokre som hevda at ein brukthandel ville øydeleggja for tradisjonell loppemarknad og ny møbelbutikk i bygda.

Desse nokre skryt ikkje Drægni så mykje av.

– Me har bevist at dette var feil. Loppemarknadane går godt. Folk gir brukte møblar til oss og handlar nye på møbelbutikken. Det drypp litt på mange.

Trur dei overlever evalueringa

Dei betalar 22 000 kroner i månadleg leige for Gamleskulen.  Eit hus som for kommunen var eit "problemborn".

– Dette huset var fullt av politisk betennelse. Fleire håpa at det vart rive, at det meir eller mindre fall ned av seg sjølv om det berre fekk litt meir tid til å forfalla.

Og no skal prosjektet evaluerast av og saman med kommunen. I løpet av september blir den vidare lagnaden for Gamleskulen bestemt.

– Er huset framleis ein utgiftspost for kommunene? Har me fått dette til slik som ein håpa? Det er viktige spørsmål. Og eg trur me får lov til å halda fram. Me har halde føredrag om dette rundt om, me har hatt forskarar og statsrådar her, fortel Drægni, før han avsluttar:

– Eg er sekstifire og har aldri jobba så mykje som no. Eller hatt det så gøy på jobb før.

Til toppen