FILMINNSPELING: Den danske filmen Vildmænd skal spele inn scener på fylkesveg 630 i Galdane i Lærdal.
FILMINNSPELING: Den danske filmen Vildmænd skal spele inn scener på fylkesveg 630 i Galdane i Lærdal. (Foto: Jan Christian Jerving / Arkiv)

Gamlevegen i Lærdalsdalen blir filmsett for dansk spelefilm

Sundag til tysdag blir den gamle vegen omgjord til filmsett for den danske spelefilmen Vildmænd.

Lærdal: Nordisk Film Spring er på besøk i Sogn og skal spela inn scener til filmen Vildmænd. 

Blant anna skal dei vitja gamle fylkesveg 630 i Galdane i Lærdal. Sundag 3. november til tysdag 5.november skal dei spela inn bilscener på vegen. Det melder Statens vegvesen. 

Vegen er vitnerstengd, og er allereie sperra med bommar, så trafikk vil ikkje bli råka av innspelinga. 

– Mellom bommane blir det bilkøyring midt i vegbana, og det blir rigga til ei fingert trafikkulukke. Heile vegbana kjem difor til å bli stengd i innspelingsdagane, og det vert umogeleg for andre å ta seg forbi og inn til filmsettet. Dette gjeld også turgåarar og syklistar, seier Lina Flint, produsent i Nordisk Film Spring.

"Vildmænd" er ein komedie, med m.a. Sofie Gråbøl og Bjørn Sundquist på rollelista, og blir spela inn i kommunane Aurland og Lærdal. 

Visar fram årstidene i Noreg

Håvard Nesbø, som har vore location-ansvarleg for innspelinga, meiner eldre og vinterstengde vegar kan eigna seg godt som filmsett. Han trekkjer fram reklameverdien i å visa fram alle årstider i Norge.

– Nordisk Film sine opptak vil vera med på å syna fram området i ei tid på året då turistsesongen er låg, seier han.

Om filmen blir å sjå på norske kinoar er ikkje avgjort, men han blir truleg tilgjengeleg på nettet, og Nesbø meiner det er naturleg at han blir sett opp også her i Noreg.

– Men dato er uvisst endå. Om alt går som planlagd blir det premiere i Danmark neste haust.

Til toppen