OPPUSSING: Skihytta i Fardalen er pussa opp på dugnad. Foto: Anders Hestetun. 
OPPUSSING: Skihytta i Fardalen er pussa opp på dugnad. Foto: Anders Hestetun. 

Gammal hytte i ny drakt 

- Eg vil takke alle som har vore med på å gjort dette mogleg. Med desse orda kunne Knut Jevnaker ynskje velkommen til den nyoppussa skihytta i Fardalen. 

Fardalen: Tysdag var dugnadsgjengen, sponsorar og skigruppa samla for høgtidleg opning av skihytta.

- Me var ganske ivrige med oppussing frå påske til sommaren i fjor. Elektrikarane gjorde det dei skulle om sommaren, og rundt skulestart var det full innsats frå dugnadsgjengen igjen. Me har eigentleg drive med oppussing frå påsken i fjor og fram til i dag, seier eldsjel Anders Hestetun.

Han la lattermild til at han malte dei siste listene rett før opninga.

- Me har gjort alt på dugnad, så her har me vore mange timar. Det har blitt veldig fint her.

- Det er ein flott dugnadsgjeng som har stått på for å få skihytta oppussa. I tillegg har både skigruppa og sponsorar bidrege til at me kunne pusse opp.

Nøgde med resultatet

Knut Jevnaker kunne nok snakke for alle frammøtte, då han sa at resultatet var blitt veldig bra.

- Me har brukt omlag 150 000 kroner på oppussinga, og for det har me fått til veldig mykje. Me er veldig nøgde med resultatet.

Jevnaker fortel vidare om byggjeprosjektet og kva dei hadde gjort. Skihytta har blant anna fått nytt elektrisk anlegg. Det har blitt lagt nytt golv og mala vegger, tak og dører.

- Kjøkkenet har me fått frå Hydro, frå ei kantine der som nesten ikkje var i bruk. Så det har blitt som eit heilt nytt kjøkken. Heile skihytta har blitt som ny.

Han avslutta med ei oppfordring til dei frammøtte, om å sjå seg rundt i den oppgraderte skihytta.

Artikkelen held fram under bilete

KJØKKEN: Skihytta i Fardalen har fått kjøkken frå ei kantine på Hydro.
KJØKKEN: Skihytta i Fardalen har fått kjøkken frå ei kantine på Hydro.

- Skihytta skal framleis vere ein møtestad

Anders Hestetun ynskjer at skihytta framleis skal vere ein møtestad for folk.

- Dette er ein fin plass å komme inn å varme seg og prate med folk, for eksempel etter ein skitur.

Han legg til at dei har tankar om å leige ut lokalet.

- Her er gode moglegheiter, då det er både toalett, kjøkken og opphaldsrom.

Lars Jevnaker, frå skigruppa, er einig i at skihytta er ein fin møtestad. Han legg til at dei har gode pannekaker i kiosken.

- Skihytta er veldig fin og har god plass. Her er det fint å komme inn å varme seg og ete etter skitrening.

Skigruppa hylla trenaren

Skigruppa har trening tysdagar og torsdagar. Det er om lag 15 skiivrige som deltek. Etter kveldens trening hylla dei skitrenaren sin, Børre Øvstetun,  som har runda rundt år.  Den engasjerte trenaren vart overraska med burdagssong, dikt og kaker.

Allidretten startar opp med skileik i Fardalen 7. februar.

- Allidretten er med på å å få fleire med i det gode skimiljøet, sa Øvstetun.

Anne Gerd Jevnaker la til at det er veldig kjekt med skileik på allidretten.  Ho ser fram til å vise fram den nye skihytta når allidretten startar opp.

HYLLA TRENAREN: Skigruppa hylla trenaren, Børre Øvstetun, med dikt.
HYLLA TRENAREN: Skigruppa hylla trenaren, Børre Øvstetun, med dikt.
Til toppen