Gammal stjerne var raskast

29 deltakarar stilte opp med sykkel eller til fots under årets tur til 1000. Svein Inge Buhaug i mål med den beste tida, på 31:16. Det er to minutt og 37 sekund betre enn den beste tida frå i fjor.

I dameklassen sprang Anita Neset på tida 42:54. Dette var den raskaste tida i dameklassen under årets løp. Daniel Hanstveit frå Mjøsdal IL kryssa målstreken først i klassen for gutar 12-17 år, der Ola Seim låg kun seks sekund etter.

I klassen for kvinner sprang dei 12 år gamle tvillingane Emma og Anna Hanstveit. Begge jentene kom i mål på tida 36:31. Både Emma, Anna og Daniel såg på fredagen at det skulle vere løp. Det førte til at dei valgte å stille i laurdagens løp.

Artikkelen held fram under bilete.

TETT:  Daniel Hanstveit kryssa målstreken med Ola Seim og dei to søstrene sine tett bak seg.
TETT:  Daniel Hanstveit kryssa målstreken med Ola Seim og dei to søstrene sine tett bak seg.

 

Det var også mogleg å sykle opp de bratte bakkane. Ove Brun var den første blant dei åtte som kryssa målstreken på sykkel, med tida 1:01:20. 

Les også: Ligg an til sekundduell i HMR-trippelen

Kolliderte 

Arrangøren fortel at dei er stort sett fornøygd med årets løp, uansett om deltakartalet var mindre enn før.

– I år kolliderte me med Oslo Maraton og Balestrand opp. Det gjorde at deltakartalet gjekk litt ned frå i fjor. Det er spesielt kjekt at gamle stjerner som Svein Inge Buhaug stiller opp når me arrangerar.

Arrangøren vil også takke dei som stiller opp både i aktiv og trim klassen. Det gir IL Jotun moglegheita til å skape mange gode skiløparar.

Offisiell resultatliste finn du her.

 

 

Til toppen