29 deltakarar stilte opp med sykkel eller til fots under årets tur til 1000. Svein Inge Buhaug i mål med den beste tida, på 31:16. Det er to minutt og 37 sekund betre enn den beste tida frå i fjor.
I dameklassen sprang Anita Neset på tida 42:54. Dette var den raskaste tida i dameklassen under årets løp. Daniel Hanstveit frå Mjøsdal IL kryssa målstreken først i klassen for gutar 12-17 år, der Ola Seim låg kun seks sekund etter.
I klassen for kvinner sprang dei 12 år gamle tvillingane Emma og Anna Hanstveit. Begge jentene kom i mål på tida 36:31. Både Emma, Anna og Daniel såg på fredagen at det skulle vere løp. Det førte til at dei valgte å stille i laurdagens løp.
Artikkelen held fram under bilete.
Det var også mogleg å sykle opp de bratte bakkane. Ove Brun var den første blant dei åtte som kryssa målstreken på sykkel, med tida 1:01:20.
Les også: Ligg an til sekundduell i HMR-trippelen
Kolliderte
Arrangøren fortel at dei er stort sett fornøygd med årets løp, uansett om deltakartalet var mindre enn før.
– I år kolliderte me med Oslo Maraton og Balestrand opp. Det gjorde at deltakartalet gjekk litt ned frå i fjor. Det er spesielt kjekt at gamle stjerner som Svein Inge Buhaug stiller opp når me arrangerar.
Arrangøren vil også takke dei som stiller opp både i aktiv og trim klassen. Det gir IL Jotun moglegheita til å skape mange gode skiløparar.
Offisiell resultatliste finn du her.