HØG: Store hjul og høg bakkeklaring gjer inn- og utstigning enkelt. For mange er det hovudgrunnen til å velja SUV. Foto: Jan Harry Svendsen
HØG: Store hjul og høg bakkeklaring gjer inn- og utstigning enkelt. For mange er det hovudgrunnen til å velja SUV. Foto: Jan Harry Svendsen

Gammal travar i ny galopp

Dårleg hytteveg? Lenge var Honda CR-V svaret. Men den tidlegare folkefavoritten har blitt fråkøyrd. Med ny teknikk prøver Honda å henta inn tapt terreng.

Han var over alt. Og det var ikkje så rart. Honda CR-V gav firehjulsdrift til folket, saman med høg bakkeklaring og praktiske løysingar. Frå livsstilsreklamen, der han avslappa forserte både søle og mudder, suste han rett inn i hjarterota til fridomselskande nordmenn.

Brått blei hyttevegen uframkommeleg utan ein CR-V, og bakken opp til huset var aldri så glatt som då denne bilen var på sitt mest populære. Men så kom konkurrentane, og CR-V fall av lasset. I heile 2015 blei det knapt selt 1200 CR-V, medan Mazda CX-5 selde i nesten 4.000 eksemplar.

Fin automatkasse

I år er CR-V oppgradert, og den automatiske girkassen med ni trinn var ein av dei store nyheitene. Denne girkassen har alltid rett gir på lur, samtidig som han girer både mjukt og presist. For dei sportsleg engasjerte førarane kan han også girast manuelt ved hjelp av hendlar bak rattet.

Artikkelen held fram under biletet.

NI: Den nye girkassen med ni trinn er berre tilgjengeleg på utgåva med dieselmotor. Girkassen er fin, men støy frå motoren irriterer.
NI: Den nye girkassen med ni trinn er berre tilgjengeleg på utgåva med dieselmotor. Girkassen er fin, men støy frå motoren irriterer.

Honda har også endra hjulopphenget, slik at bilen skal svippa rundt svingane med ein større grad av iver og meir sportsleg enn tidlegare. Det gjer han også, og styringa heng fint med, samtidig som han ikkje ofrar komforten for køyregleda.

Kraftig trimma

Den vesle dieselmotoren har eit slagvolum på 1,6 liter og yter 160 hestekrefter. Det betyr at motoren har ei spesifikk yting på 100 hestekrefter per liter. For berre nokre få år sidan var det tal som BMW brukte i annonseringa av sportsmodellen sin, M3. Det er med andre ord ein hardt trimma dieselmotor du finn under panseret på CR-V, og girkassen hjelper motoren til å visa seg frå si beste side.

Eitt knappetrykk kan likevel spolera heile opplevinga. ECO-står det på den grøne knappen. Trykk på den, og du blir løna med ei grenselaus tregheit i alt frå giringsmønster til gassrespons. Brukar du i tillegg konstantfartshaldaren med avstandsradar, er irritasjonen komplett.

I ECO-mode akselererer bilen så sakte at det nesten ikkje er til å tru. Tek du att ein bil på motorvegen og legg deg ut, er fartsauken opp til innstilt fart altfor forsiktig. Eg måtte fleire gonger hjelpa bilen framover ved hjelp av ein tung høgrefot.

Artikkelen held fram under biletet.

OVERSIKTLEG: Førarmiljøet er oversiktleg, og glastaket sørgjer for at det er luftig. Peikeskjermen kunne med fordel vore meir beteningsvennleg.
OVERSIKTLEG: Førarmiljøet er oversiktleg, og glastaket sørgjer for at det er luftig. Peikeskjermen kunne med fordel vore meir beteningsvennleg.

Motorstøy

Men det er ikkje det einaste kritikkpunktet mot CR-V på motorvegen. Framleis slit bilen med vel mykje vindstøy, og den karakteristiske lyden frå dieselmotoren er irriterande anten du køyrer på motorveg, på landeveg eller i byen.

Her har Honda framleis ein lang veg å gå. Hos fleire av konkurrentane høyrer ein knapt dieselmotoren. Det står i grell kontrast til den ivrige knatring til denne motoren.

Irriterande er også beteninga av infotainmentsystemet til bilen. Peikeskjermen reagerer tregt, og grensesnittet er ganske langt unna dei beste grafikkmessig. Samtidig er beteninga tungvint, og menyen for DAB-radioen er ikkje lett å forstå seg på.

Førarassistentar på plass

Resten av førarmiljøet fungerer derimot fint. Materialkvaliteten er på same nivå som hos dei andre konkurrentane frå Japan, og køyrestillinga er komfortabel. Plassen i bilen er god, og dei praktiske løysingane bra. To hendlar i bagasjerommet er alt du treng til å trekkja i for å leggja ned baksetet. Enklare blir det ikkje.

Honda har teke nokre viktige steg i rett retning med CR-V. Mellom anna har dei utstyrt bilen med assistentsystem som filskiftevarsling, vingleassistent og autobrems. Den nye girkassen er ei perle. Ulempa er berre at han berre er tilgjengeleg saman med den relativt høglydte dieselmotoren.

589 LITER: Det er god plass i bagasjerommet i CR-V, hendinga over den raude varseltrekanten er alt du treng å trekkja i for å leggja ned bakseta. Då svelgjer bagasjerommet 1669 liter.
589 LITER: Det er god plass i bagasjerommet i CR-V, hendinga over den raude varseltrekanten er alt du treng å trekkja i for å leggja ned bakseta. Då svelgjer bagasjerommet 1669 liter.
Til toppen