RØSLEG: Skoda Kodiaq legg ikkje skjul på at han er ein relativt stor bil. Skoda har ikkje dempa framtoninga med nokre visuelle triks. Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema / NPK.
RØSLEG: Skoda Kodiaq legg ikkje skjul på at han er ein relativt stor bil. Skoda har ikkje dempa framtoninga med nokre visuelle triks. Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema / NPK.

Ganske enkelt ein SUV

Det første forsøket Skoda har gjort med å lage ein stor SUV, er vellukka. Det har blitt ein bil som ikkje vil vere noko anna enn akkurat det han er.

Merkeleg nok har ikkje Skoda hatt ein skikkeleg SUV på menyen tidlegare, sjølv om dette er ein type bil som har vore superpopulært i mange år. Når dei no til slutt kjem på banen, gjer dei det på beste Skoda-vis.

Kodiaq er ganske stor, større enn ein Volkswagen Tiguan og litt mindre enn ein Touareg. Dermed finn han sin eigen plass i hierarkiet til storkonsernet, slik at det i minst mogleg grad blir bilar frå Volkswagen som setjast igjen når kundane har henta sin nye Kodiaq.

Skoda har løyst dette slik som dei brukar, med ein bil som ikkje jåler seg til, men ser ut akkurat som det han er. Kodaiq kan lett stille som modell om nokon treng eit fasitsvar på korleis ein SUV ser ut. Bildesignarane innrømmer gladeleg at dette er ein bil som flytter mykje luft når han er på vegen. Her er det ikkje gjort noko forsøk på å avrunde takprofilen for å gi bilen eit lettare inntrykk, og fronten er temmeleg massiv.

Artikkelen held fram under biletet.

PLASS: Det er ein romslig bil. Sjuseteversjonen tek 270 liter med alle seta oppe, over 2000 liter om ein legg ned begge seteradene.
PLASS: Det er ein romslig bil. Sjuseteversjonen tek 270 liter med alle seta oppe, over 2000 liter om ein legg ned begge seteradene.

Traust

Den same solide og noko trauste stilen finn ein på innsida, der alt er logisk og praktisk utan dei store faktene. Dei verkar bitte litt billigare enn i ein Volkswagen, samstundes har bilen ein ny skjerm som både kan styrast ved berøring og via brytarar, noko som ikkje har vore vanleg i bilar frå Volkswagen-konsernet. Det fungerer veldig fint, og trass i at det i liten grad verkar påkosta, gir interiøret ei kjensle av soliditet. Sittestillinga er sjølvsagt høgreist, og dei store glasflatene i bilen gjer at sikten er god alle vegar.

Plassen er nær formidabel. Utgåva her har sju seter, og då blir naturlegvis bagasjeplassen noko avgrensa, med 270 liter. Seterada i midten kan du flytte 18 centimeter, slik at du kan tilpasse beinplassen til både rad to og tre. Legg du i tillegg ned bakarste rad, aukar bagasjeromskapasiteten til 630 liter. Vel ein ei utgåve med fem seter, blir han på 720 liter.

I tillegg er det mange oppbevaringsrom, blant anna ein fiks skuff under framseta.

Sterk

Testbilen har den største dieselmotoren på 190 hestekrefter, noko som også avslører at dette er tenkt som ein bil for dei som ikkje kjøpar bil for å briefe. Den største motoren i ein BMW X5 er på 575 hestekrefter. Motoren til Kodiaqen er momentsterk, men ikkje spesielt kvikk. Det verkar som ein motor for folk som skal trekke tungt eller fylle bilen med folk og bagasje. Null til hundre er oppgitt til noko under ni sekund. Vil ein ha ei kjensle av litt meir futt, er bensinmotoren på 180 hestekrefter å føretrekkje. Den er sett opp på ein friskare måte, og kostar dessutan 20.000 kroner meir.

Artikkelen held fram under biletet.

UTVAL: Den billegaste utgåva med forhjulstrekk og 125 hestekrefter startar på 327.000 kroner. Den dyraste er med 180 hestekrefter bensinmotor med firehjulstrekk og sju sete til 562.000 kroner.
UTVAL: Den billegaste utgåva med forhjulstrekk og 125 hestekrefter startar på 327.000 kroner. Den dyraste er med 180 hestekrefter bensinmotor med firehjulstrekk og sju sete til 562.000 kroner.

Desse to motorane har DSG-automatgirkassen til Volkswagen-konsernet som standard, noko som er ei svært god løysing. Dei har også firehjulstrekk som standard. Når det gjeld forbruket er det ganske stor forskjell på motorane. Dieselen er svært gjerrig. Vi fekk eit snitt på 0,6 liter per mil, noko som er pent med ein såpass stor bil. Bensinversjonen ligg eit godt stykke over dette.

Nøytral

Køyreeigenskapane er som forventa heilt nøytrale, med ei litt distansert styreeining og ei vedvarande kjensle av at dette er ein temmeleg stor bil. Den tek rufsete asfalt på bra vis, godt hjelpt av ein ganske lang akselavstand og eit bra demparoppsett. Testbilen hadde justerbart understell, som fungerte fint i normal modus, men blei noko hardt på det sportsleg nivået.

Artikkelen held fram under biletet.

RYDDIG: Interiøret følgjer opp med eit ryddig og velfungerande design. Materiala er enkle, men byggekvaliteten er på topp.
RYDDIG: Interiøret følgjer opp med eit ryddig og velfungerande design. Materiala er enkle, men byggekvaliteten er på topp.

Kodiaq er rett og slett ein stor og fornuftig bil. SUV-ar kan lett bli litt unødvendige, ein får gjerne plass til det same i ein stasjonsvogn, men det viser seg at folk flest liker å sitte høgt i ein bil som synst i terrenget. Ein Kodiaq klarer å vere stor og anonym på same tid, han gjer rett og slett ikkje så mykje ut av seg. Testbilen surrar det litt til her ved å vere kvit, men i ein noko meir anonym farge, til dømes grått, har ein stor bil som truleg ingen vil tenkje på som brautande og i alle fall ikkje snobbete.

(©NPK)

Til toppen