I VEKST: Lærdal Grønt satsar på vekst og har mange spennande planar for framtida, fortalte dagleg leiar Harald Blaaflat Mundal på eit frukostmøte fredag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
I VEKST: Lærdal Grønt satsar på vekst og har mange spennande planar for framtida, fortalte dagleg leiar Harald Blaaflat Mundal på eit frukostmøte fredag. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

Går for 100 millionar i omsetning innan 2020

– Men viss me ser på omsetningstala frå 1999 til no, er det ikkje noko hopp, men jamnt og trutt arbeid, seier Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt.

Lærdal: Fredag fortalte den daglege leiaren i Lærdal Grønt om selskapet sine planar for framtida på eit frukostmøte i regi av Lærdal Næringsutvikling.

Mest nærliggjande er målet om å nå 100 millionar i omsetning innan 2020. I fjor hadde Lærdal Grønt ei omsetning på 70 millionar.

– Det er i grunnen berre ei vidareføring av det me har gjort. Me kan ikkje berre stoppa opp, men halde fram å jobbe på, seier Mundal.

Kan flytta til Håbakken

Men sjølv om avdramatiserer planane noko, ligg det potensielt store endringar i det å veksa. For dersom den gode utviklinga held fram for det næringssjef Arve Tokvam skildrar som ei fyrtårnbedrift i Lærdal, så blir det fort aktuelt med ny lokasjon.

– Me er i ferd med å veksa ut av lokala våre, seier Mundal og fortel kor han helst vil flytte. 

– Eg håpar me flyttar til Håbakken. Då flyttar me oss nærare produsentane som vil spara timesvis på transport. Lokaliseringa er bra, og Håbakken er i ferd med å utvikla seg til eit næringsareal som gjer det attraktivt å vera her.

– Eit fyrtårn i Lærdal

Tokvam er full av lovvord når han skildrar Lærdal Grønt.

– Dei er blitt synonymt med det positive som skjer i Lærdal. Gjennom det gode arbeidet har gjort gjennom mange år har dei bygd ei merkevare som står for innovasjon, kvalitet og nytenking, og som heile tida er utviklingsorientert. Dette blir lagt merke til nasjonalt og internasjonalt, seier han og fortel at Lærdal Næringsutvikling vil vere med og vidareutvikla selskapet. 

Mange planar

I første omgang er det altså å auke omsetninga. Deretter følgjer andre spennande planar som utsal av mat i samarbeid med Smak av Sogn, distribusjon av mat til besøksnæringa og besøksgardar i samarbeid med reiselivet.

– Det handlar om å få folk til å tru på dette. Me kan planleggja, men viss bøndene ikkje trur på det og ingen vil driva med det, går det ikkje. Men no ser ting veldig positivt ut med eit generasjonsskifte på gardane. Folk ser at det er ei framtid for å driva, og utfordringa ligg difor på klima, som me må prøve å kontrollere så godt me kan, seier Mundal. 

Til toppen